Re:_Er_det_muleg_å_diskutere_med__

Filip Stokkeland (filip@online.no)
Mon, 07 Sep 1998 15:41:06 +0200

On 06.09.98, at 07:32, Anders Ekeland wrote:
>Fillip, skriv et innlegg i debatten om Det store spranget hvor du tar for
>deg Trond As argumenter, hans syn på de mekanismene som førte til en av de
>større menneskeskapte hungersnødene siden 1945.

Eg går ut frå at du viser til:
http://www.itk.ntnu.no/ansatte/Andresen_Trond/kk-f/fra250698/0291.html (?)
Og, jaudå eg kan godt koma med eit lite svar på denne artikkelen -- eg har
faktisk skrive halvparten frå før av, men aldri fullført det.

>Når Trond A svarer så kan vi andre hver for oss avgjøre om han bare er ute
>etter å slå AKP'ere i hodet eller virkelig argumenterer med fakta. Vi kan
>også se om du har noe politisk å komme med utover å kommentere Trond sin
>stil og motiver.

Kan henda litt frekt å krevja at eg må skriva eit innlegg på desse premissane?
For det fyrste har eg skrive ein god del innlegg her som *ikkje* har omhandla stil og
tone, både som svar på andre innlegg, og som sjølvstendige innlegg. (Dei siste var
vel eit svar på Karsten VJ sitt innlegg om Stalin og det nasjonale spørsmålet, det
neste var ein kommentar til ein kronikk i KK.) Men det verkar rimeleg bortkasta
når ingen interesserer seg for å svara. Eg har for øvrig heller ikkje påstått at Trond
berre er ute etter å slå AKParar i hovudet eller at han ikkje kjem med fakta.

Dersom du meiner at eg ikkje har kome med noko politisk, slik du impliserer
her, må du gjerne hevda det (gjerne i klårtekst), men det verkar for dumt når ingen
kjem med svar på *kva* som er veikt politisk i dei innlegga eg faktisk har skrive.

Elles verkar det som om det einaste emnet som er godkjend for å "å prova at eg
har noko politisk å melda" er gjennom å diskutera Stalin og/eller Kina. Det er for
dumt.

>Med andre ord - et kontrollert eksperiment. Tar du utfordringa?

Som sagt, ja. Eg skal fullføra det svarinnlegget til Trond som eg har liggjande,
sjølv om eg ikkje har sans for premissane du legg og måten utfordringa kjem på.

-F-