Re: KK, damer&KK-forum - og diskusjonen om dette...

Filip Stokkeland (filip@online.no)
Mon, 31 Aug 1998 10:24:22 +0200

On 30.08.98, at 19:57, Sonja Tinnesand wrote:
>Trond har helt rett i sin fotnote b1 - for alle som har vært på venstresida ei stund, er det mulig å se
>det fenomenet som han beskriver. Det er ikke AKP-hets når noen sier sånt - men hvis beskrivelsen
>er vond å høre får de som føler seg truffet (AKPere eller ei) heller skifte stil.

Kva slags argumentasjon er dette? For *alle* som har vore på venstresida ei stund, er det mogleg ...
Det vert det same som å seia til folk: "Alle me som bryr oss om korleis folk har det, VEIT at ein EU-
medlemskap for Noreg er gale."

Elles vil eg seia at Trond sine punkt b1 og b2 i innlegget "Tvilsom forskingsmetodikk" verkar mest
som orsakingar for han sjølv for kvifor han ikkje treng å ta folk og meiningar på ålvor. Lag ein
konspirasjonsteori som er stor nok, og so kan du sleppa å forhalda deg til ein haug med folk ...
Det er òg interessant å sjå *kva slags* folk som vert plassert i dette "talekoret", alle dei ulike folka
som etter det Trond hevdar vert manipulert av nokre få smarte manipulatorar i "ei ganske homogen
gruppe".

Ein sentral del i vanleg nettikette, er å ta folk for det dei skriv -- *ikkje* for kvar dei jobbar eller kvar
dei er medlem. Trond Andresen ynskjer ikkje å forhalda seg til folk på denne måten -- han *ynskjer* å
kunna avfeia folk og argumenta deira med at dei er ein del av ein konspirasjon som berre ynskjer å
kvela alt reellt ordskifte.

-F-