Re: Forlatt KK-forum

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Mon, 31 Aug 1998 10:41:02 +0200

Oyvind Eide wrote:
>
> At 23:31 29.08.98 +0200, Trond wrote:
> >Æ...Å
> >(fotnote 2)
> >Karsten V. Johansen sendte meg den 23 juli melding om at han ikke orket mer
> >på grunn av de personlige angrepene på ham fra "stil"-kritikerne..
> >Dermed ble man kvitt en av disse personene med "dårlig stil". Andre
> >vil hevde han stort sett var en glimrende stilist og en kunnskapsrik
> >deltaker, og at det var et tap at han ga seg. Hvis du leser dette, Karsten:
> >Mange savner deg!
>
> Dette er tragisk for KK-forum. Men man kan forstå det.
>
> Øyvind Eide

Skal vi no få endå ein debatt om kor vidt ein bestemt person er velkomen
på KK-forum? Eg håpar ikkje det, og kjem ikkje til å følgje opp dette
vidare, men sidan eg var ein av dei siste som kritiserte stilen til KVJ,
og han diskuterte akkurat det med meg rett før han trekte seg, må eg
leggje inn eit par ord.

Det var fleire som skreiv dumme ting i dagane 22.-23. juli (sjå etter!),
og det var tendensar til ei generasjonskløft. Eg kritiserte KVJ og Trond
Andresen, som gjekk i spissen for den dårlege stilen. At dei fekk følgje
av nokre ungdommar, var ikkje meir enn ein måtte vente; det viser berre
at vi som er eldre, har eit ansvar utover vår eigen nasetipp.

KVJ er kunnskapsrik, og han har mange meiningar som eg deler, ikkje
minst ei grunnleggjande kritisk haldning til maktpersonar. På dårlege
dagar let han den haldninga gå ut over relativt uskuldige, og han har
skrive eit og anna som han ikkje burde ha sendt. Ellers er stilen hans
verken verre eller betre enn mange andre sin.

Eg saknar dei konstruktive ytringane hans, og håpar han samlar nye
krefter og kjem tilbake på KK-forum.

Lars Staurset