Kjørereglar og prioritering (var: Teknisk problem

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Tue, 18 Aug 1998 21:15:14 +0200

Trond Andresen skreiv mykje som eg har lyst til å kommentere, men eg har
ikkje tid, så eg går rett på det viktigaste:

> Vel, la oss først få en diskusjon om de forselåtte kjøregler. Relax, mate ;-)

No har delar av venstresida brukt delar av sommaren til å diskutere om
Sigurd Lydersen skriv godt nok, ikkje i innhald, men i form. Passar
innlegga hans på KK-forum? Er det akseptabelt at uheldig utforma innlegg
blir liggjande på Verdsveven for all framtid? TA meiner det er så ille
at han blokkerer Lydersen, noko som fører til at folk bruker endå meir
tid på å diskutere korleis KK-forum skal sjå ut.

Men framleis er det ikkje nok. TA vil i tillegg ha oss til å diskutere
om det skal vere lov å skrive "pikk" på KK-forum!!! Er det ein slik
diskusjon han vil ha liggjande for all framtid??

Nei, kutt ut tullet, la Lydersen sleppe til att og bruk ikkje meir tid
på dette. Kjørereglane er gode nok som dei er, berre hald nazistane ute.

Hei, folkens! Noreg er på veg inn i EU og MAI, og vi har viktigare ting
å gjere enn å krangle om bagatellar!

Lars Staurset

(Dette er skrive i ein viss fart, og er mindre polert enn det eg ellers
skriv.)