Re: Sigurd Lydersen, NKP og EU

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Tue, 11 Aug 1998 09:53:16 +0200

Sigurd Lydersen wrote:

> At 09:02 10.08.98 +0200, Lars Staurset wrote:
> >Meiner SL at EU ikkje er imperialistisk, eller i det minste prøver å bli
> >det (kapitaleksport, militærmakt)?
>
> Jeg svarer: Jo, EU er imperialsitisk.

Fint, så er vi samde om det.

> >For kven er Noreg for lite? Kapitalen prøver å sprengje landegrensene,
> >og er på offensiven. For oss andre er det i mange samanhengar ein fordel
> >å ha grensene som eit vern om dei rettane vi har, fordi grensene faktisk
> >gjer Noreg lite grann "mindre kapitalistisk". Eksempel: Med fri
> >kapitalflyt over grensene kan rikfolk flytte formuen sin dit skattane og
> >lønnene er lågast, så den trugar velferd og arbeidsplassar; fri flyt av
> >mat og levande dyr over grensene skaper helsefare. I den grad vi greier
> >å yte motstand mot dette, er vi eit eksempel for andre, også for folk i
> >EU.
>
> Men dette er jo bare febrilske forsøk på å stoppe en utvikling som tvinger
> seg på.

Sant nok, men er "utviklinga" noko som berre går av seg sjølv, eller
finst det drivkrefter bakom? Er marxist-leninisten Sigurd Lydersen for
eller mot denne utviklinga? Synest han det er heilt OK at Noreg blir
meir og meir integrert i det imperialistiske EU?

> De radikle må tenke lenger enn som så. Radikalisme dreier seg ikke
> bare om strakstiltak, men en langsiktig stratgei for samfunnsutvikling.

Det er eg sjølvsagt samd i, men her blir det komplisert, som vi ser av
lange debattar både her og i andre fora. I denne omgangen vil eg berre
peike på at det må vere ein samanheng mellom strakstiltak og langsiktig
strategi. Vi kan ikkje "kortsiktig" leggje oss flate for kapitalmakta i
EU og så tru at det styrkjer antikapitalistisk arbeid på lengre sikt.
>
> >Kva for ei utvikling, og kva for nokon "bevegelser" (utanom NKP,
> >sjølvsagt) er progressive?
>
> De progressive i Norge finnes i tusentall, men er pr. dags dato dessverre
> ikke samlet i noen bevegelse. (...)
> De progressive sitter overalt, også i næringslivet. næringslivet gir en
> egen integritet til selvstendig tenkende folk, man står mer selvstendig og
> det er progressivt.

Ordet "progressiv" tyder i følgje Nynorskordboka "framstegsvenleg,
reformvenleg", og seier akkurat like lite. Fremskrittspartiet er
"framstegsvenleg", det ligg jo i partinamnet. Kommunistar er
progressive, for kommunismen er jo framtida. Av dette har folk på
venstresida fått ein tendens til å bruke ordet "progressiv" som synonym
for "bra". Næringslivsfolk må tenkje framover for å sikre investeringane
sine, så dei er framtidsvennlege på sitt vis. Kva SL meiner med
"progressiv", anna enn som motstykke til "småborgelig og fordummende",
er nokså uklårt. Dersom han vil halde fram med å bruke ordet, bør han
definere det.

> Så det blir for enkelt å kalle NKP
> progressivt, det vil jeg ikke gjøre

Notert; parentesen om NKP var faktisk eit mislykka fosøk på ironi.

> > SL bør fortelje KK-forum konkret korleis
> >"vi" skal bruke EU som reiskap, og kva vi kan oppnå.
> >Ja, kva er makt og kapital? Det undrar meg at ein som kallar seg
> >marxist-leninist, helst vil setje desse orda i hermeteikn, og ellers
> >unngår marxistisk språkbruk i argumentasjonen sin.
> >I den grad "vi" treng dei tre siste kulturnasjonane, så er dei vel der
> >utan at vi melder oss inn i EU? Får vi betre kontakt med Russland
> >innafrå EU enn utafrå?
>
> Jeg svarer: (...)
> EU
> er like senkapitalistisk og fascistoid som Norge, okei, men EU
> representerer også alleuropeisk samarbeid f.eks. innenfor forskning og
> utdanning. EU gir fora og rammer for at slikt samarbeid skal utvikles. (...)
> Denne
> diskusjonen vokser altså fram nede på kontinentet, men er svært vanskelig å
> få til i Nei til EU-Norge (...)

Sitatet representerer det eg oppfattar som kjernen i det lange svaret
frå SL. Han grunngjev altså ei positiv haldning til EU med
1) at EU er drivkraft for eit samarbeid i forsking og utdanning;
2) ein politisk diskusjon som pågår i EU, og som Nei til EU står i vegen
for i Noreg.

For å få vere med på dette, er SL villig til å føre Noreg inn i ein
politisk, økonomisk og militær union som han sjølv karakteriserer som
imperialistisk; han vil valse ned det som endå finst av norsk
sjølvråderett, og som er i opposisjon til det "senkapitalistiske og
fascistoide" EU; og han vil bryte ned dei landegrensene som framleis
gjev velferdsstaten eit visst vern mot den internasjonale kapitalmakta.

Eg trur SL bur i feil land, kan ikkje nokon skaffe denne mannen eit
Brussel-stipend?

Lars Staurset