Fra Martin og David; Kvinnesak pe nett

David (david@feskar.net)
Fri, 24 Jul 1998 16:33:20 +0000

Frå Martin R og David TS:

Det er synd at folk ikkje har lyst til å sjå at det er eit reelt problem
at kvinner/jenter ikkje tek del på KK-forum. I staden for å avfeia det
med at det er deira eiga feil, må me sjå på kva som gjer at
representantar helvta av verdas folk ikkje er på KK-Forum. Dersom KKF
skal bli det som Andresen gjerne vil at det skal vera, ein pådrivar på
venstresida i Noreg, må kvinnene vere representert. Sosialistisk teori
blir ikkje sosialistisk teori utan eit kvinneperspektiv, same kor
oppegåande menn er.

Når KVJ omtalar Jorunn F som ei av dei leiande personane i AKP/RV/RU er
det sjølvsagt rett. Ho har vore leiar i Raud Ungdom, sit i landsstyret
til RV og har ein far som har vore nestleiar i AKP. Men tyder dette at
Jorunn Folkvord ikkje har legitimitet? Tyder dette at avdi ho har nytta
storparten av livet sitt i "rørsla" kan me ikkje ta det ho seier for god
fisk? Og når ho i tillegg er medlem i AKP, blir det då endå verre?
Dette held ikkje. Då kan det jo heller ikkje vore interessant å
diskutera med td Anders Ekeland. Skilnaden her er at Jorunn har satt
fingeren på noko veldig viktig ved KKF (og ho har gjort det mange
ganger!), nemlig at jenter ikkje nyttar tid på KKF. Det er fleire
grunner til at dei ikkje gjer det (og dei same grunnene kan i stor grad
nyttast til å forklåre kvifor det er så få ungdomar på KKF).

1) Debattstil og hersketeknikkar
Me som skriv dette er i 20-åra, har sitti i sentralstyret i RU, og jobba
med politikk sidan me var 15 - 16 år gamle. Me har vore med på mange
harde ordskifte, og opplevd at folk ikkje prater saman og blir uvener
pga politiske ordskifte. Dette er det sikkert fleir på dette forumet som
har opplevd.
Men sjelden har me opplevd så mye dårlig stil og bruk av hersketeknikkar
som på KKF.
Folk skjeller kvarandre ut etter noter, nyttar ukvemsord og har ofte ein
barnehagementalitet me berre ser - i barnehagar.

Kvinner og menn lev to ulike liv. Kvinneundertrykkinga er ikkje noko som
blei borte med bh, likestillingsombodet og Gro Harlem Brundtland.
Kvinneundertrykkinga er noko som finst her i dag, og folk i RV/AKP/RU
freistar å gjera noko med dette - å ta dette på alvor. Det har me gjort
i nokre år, og gutar på vår alder i Raud Ungdom har vore på plenty av
guttesamlingar kor me m.a. diskuterar enkle ting som hersketeknikkar.
For oss er det ganske sjokkerande å sjå at vaksne folk som kallar seg
sosialistar ikkje har skjønt noko av dette, og heller ikkje viser vilje
til å skjønne det.
Kvinner blir utsett for hersketeknikkar frå blir født. I barnehagen, på
skulen, på jobb, i fagrørsla, og til og med i RV/AKP/RU.
Og på KK-forum. Hersketeknikkar er noko som også går utover gutar/menn,
men ikkje i like stor grad.

Dei tre dagane har det komi noko sånt som 80 - 90 innlegg til KKF. Sinte
innlegg, folk går til åtak på kvarandre, og skyr inga middel. Oss
inkludert. Nå kan ein seia at dei folka på dette forumet tåler å bli
åtaka slik, og det er nok i stor grad sant.
Men det tyder ikkje at det er oppbyggjande for venstresida i Noreg, og
det gjer det ikkje lettere for kvinner å koma med på KKF.

2. Du manglar legitimitet avdi du er jente i RU/AKP!
For å skulle bli teke på alvor på KKF må ein kunne sitera. Den tida me
har vore her, har det blitt ramsa opp eit titals namn på teoretikarar
som me aldri har høyrt om.
I Raud Ungdom er det ikkje kult i eit ordskifte å koma trekkande med eit
Lenin-sitat i eit ordskifte. Ikkje avdi Lenin ikkje sa noko smart, men
avdi dei som har satt seg ned og pugga sitater stort sett er eldre
gutar. Dette blir det berre frasemakeri av, og ikkje minst brauting om
kven som har lest mest marxistisk teori.

På KKF er dette veldig typisk. Dei som kjem med sitat er "eldre" (me
meiner ikkje at de er modne for pensjon... :-) ) menn, som har nytta
mange år til å lesa og studera. Dersom du er ungdom og ikkje har lest
desse teoretikarane er det ikkje særleg moro å skulle diskutera mot folk
som berre kan trekka opp eit nytt sitat frå skjortelomma.

Diverre blir det istaden brukt mot deg at du ikkje kjem med nytenkjing,
er med i akp, eller i verste fall høyrer til akp-fløyen i Raud Ungdom,
og ikkje er interessert i å diskutera stalinisme og Sovjet. Ein typisk
hersketeknikk.

Når Jorunn F freistar påpeika at KKF er fyllt med hersketeknikkar, blir
ho avfeid med at "ein eller annan AKP-leir er over". På denne leiren
(kor David var) var det mange jenter. I ein organisasjonsundersøkjing i
RU for eit par år sidan vart resultatet at ein typisk RU'ar er 17 år,
går på VGS og er - jente! Skal desse jentene bli avfeid med at dei er
med i akp, og difor ikkje har noko å meina om kvinnepolitikk, avdi dei
er med i AKP og/eller RU?
Det er enkelt å seia dette for å sleppe å diskutera jentekamp.

AKP og Raud Ungdom har (saman med KF og OTTAR) stått for progressiv
kvinnepolitikk i mange år. Difor vervar RU mest jenter. Jentene i Raud
Ungdom er glupe, sterke og dyktige. Men det tyder ikkje at ein blir
kvitt all kvinneundertrykking når ein blir RU'ar. Kvinneundertrykking
finst i RU/RV/AKP =F4g. Dersom ein ønskjer fleir jenter på KKF, må ein
faktisk sjå at det nytter ikkje å sitja å venta på kvinneopprøret.
"Gamlingar"som Andresen, Johansen må vera mellom dei første til å
tilretteleggja for at jenter og ungdom skal kjenne seg heime på forumet.

3. Dei materielle vilkåra for at jenter skal på nett
Det er velkjend at 80-90% av folka på nettet er gutar/menn. Kven har tid
til å sitja på nettet kvar dag? Det er ikkje gifte kvinner - det er
framleis sånn at kvinner gjer dobbelt så mykje husarbeid som menn.
Det er ikkje unge jenter, dei har ikkje blitt oppfostra til å leika med
tekniske ting.
Resultatet er at kvinner/jenter nesten ikkje er på nettet. RU har prøvd
å ha IT-kurs på konferansar og liknande, og har vedtak på at det skal
vera fleirtal av jenter i td Rebell-redaksjonen. Det seier seg sjølv at
dersom ein ikkje gjer slike tiltak, kjem data til å vera menns domene
for alltid.

Litt til slutt
Kapitalismen er jævleg for folk. Det er me samde om alle saman (trur
me). Diverre er det sånn at menn objektivt sett har interesse av
kvinneundertrykkinga. Mange menn gjer sitt beste for å halda den oppe.
På KKF kan det ikkje vera sånn! Det kan ikkje vera sånn at ein blir
avfeid, tråkka på eller kjefta ned dersom ein tek feil.
På KKF finn ein nokre av dei smartaste folka i Noreg, sjølv om det ikkje
virker sånn innimellom :-).
KKF bør gå i spissen på nettet for å kjempa mot all kvinneundertrykking,
og ein konsekvens av det er at det må bli slutt på hersketeknikker.

Det er ganske typisk at det nesten ikkje har komi eit innlegg som prøver
å ta Jorunns poeng på alvor. Det er typisk at det ikkje blir gjort i eit
forum kor nesten utelukkande menn får rå. Ingen av "gamlekara" har teke
initiativ til å diskutera om det faktisk er eit poeng at jenter (og
ungdom) held seg unna KKF avdi dei er lei dårleg stil, hersketeknikkar
og sure oppstøyt (ta eit glas samarin=85).

Loddet er kasta! No forventar me at nokre av gamlekara svarar, og tar
dette på alvor.

Martin Raknerud (martinr@feskar.net)
David T. Sørmark (david@feskar.net)