Kva pønskar Senterpartiet på=3F

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Wed, 22 Jul 1998 13:57:17 +0200

Fungerande statsminister Anne Enger Lahnstein går ut i Dagsrevyen og
varslar hard kamp mot barnematdirektivet. På høg tid, kan ein seie, at
Sp og "nei-parti-regjeringa" tek opp kampen mot EU-tilpassinga på
iallfall eitt område. Det er jo viktig kva maten vår inneheld, og
spesielt maten til småborna. Omtrent noko slikt sa Lahnstein på TV.

Det er berre det at utspelet kjem like etter at regjeringa godkjende
EØS-utvidinga med ny veterinæravtale med EU, rett nok utan at Dagsrevyen
fann plass til den saka. Og med all respekt for barnematen:
grensekontroll med matborne sjukdommar og dyresjukdommar er langt
viktigare. Ho gjeld maten til alle, medrekna små og store born, og ikkje
minst: ho handlar om å halde farlege smittestoff ute av landet. Reglar
for vitaminar i barnemat kan endrast att, men bakteriar som har slått
seg til her, kan ikkje fjernast med nye regjeringsvedtak.

Dette veit sjølvsagt Sp-leiinga. Det er pinleg for dei å godta
veterinæravtalen. Då vil dei heller snakke om noko anna. Barnemat-saka
er eigenleg ikkje "farleg" for EU-tilpassinga. Det skulle ikkje undre
meg om regjeringa har fått "lov" av Ap/H/FrP til å kjøre veto-løypa
fullt ut. Det er strategisk mykje viktigare for marknadspartia å få
gjennom veterinæravtalen.

Men også den kampen kan vinnast dersom Sp mobiliserer. Kan dei setje
hardt mot hardt i bispestriden og eventuelt i barnemat-saka, så kan dei
også gjere det her. Dei kan spele på lag med motstanden utanfor
Stortinget. Greier vi saman å tvinge marknadspartia til ein debatt om
saka, så har vi vunne, for det finst ikkje saklege argument for avtalen.

Lars Staurset