SV:Ikkje ynkeleg, men inviterande

Guri Kulaas (guri.kulaas@klassekampen.no)
Tue, 14 Apr 1998 17:29:21 +-200

Trond Andresen har drive fram ein kritikk av det film-stoffet som KK har trykt. Eit "I Fokus" som eg skreiv om medievald fekk han til å svara meg på KK-forum at eg var ynkeleg som ikkje nemnte han med namn.

Dette var ikkje eit uttrykk for feighet, men gjort i håp om at nokre fleire kanskje ville melda seg på ordskiftet.

Det er vel få som har lese KK (og/eller KK-forum) jamnleg som er i tvil om Trond Andresen sine standpkt. i denne saka. Det er rett at i avisa er det fyrst og fremst han som har drive kritikken og at min kommentar om å nytta filmvald-ordskiftet til å føra ein ide-kritikk i fyrste rekkje peiker tilbake på han sine innlegg. Når eg likevel ikkje nemnte namnet hans var det av di det då lett ville ha vorte oppfatta som ein invitasjon til eit vidare ordskifte mellom oss to - det er vel ikkje så interessant for alle andre.

Kritikken til Trond Andresen har mange viktige punkt og interessante innfallsvinklar. Noko er eg samd i -anna ikkje. Eg skulle gjerne sett at dette kunne ha vorte eit reelt ordskifte med mange innspel, men eg meiner tonen i innlegga (særskilt på KK-forum) er slik at mange kvier seg for å ta del i det. Dette trur eg ikkje er så mykje for at folk er redde for å forsvara kva dei står for, men av di mange oppfattar tonen som brautande og useriøs. Dette overskuggar det som er seriøst av innhaldet i ordskiftet.

Når Trond Andresen spør kva det er han har uttalt som skulle ha skremt motdebattantar, så er det dette eg sikter til. Så lenge ordskiftestilen blir halde i ein tone som om det var parodien av dialogen i ein Scorsese film (You talkin' to me...???), så vil ingen andre enn dei som liker verbal dritkasting melda seg på.

Det har dels vore komisk at eit ordskifte kritisk til satire og filmvald har vorte ført i ein så aggressiv, macho-språkdrakt som det har på KK-forum. Å skulda folk som skriv filmmeldingar om guteroms-mentalitet i slike innlegg har ikkje truverd. De som debatterer på denne måten kan jo undra til de blir blå kvifor det er så få kvinnelege innslag i ordskiftet (Dette siste er ikkje berre meint mot Trond Andresen, som eg synst også har mange konstruktive innfall både i KK og på KK-forum).

I staden for å skjella ut folk og settja dei inn i ulike skjema kor den eine utsegna fører til det andre standpunktet og alt ender opp i facsisme og helvete med dobbel strek under, bør ein heller utfordra folk til å grunngje kvifor dei meiner slik og slik og kvifor ein sjølv er usamd. Kritikken må gjes mot eit verdsbilete som folk kjenner seg att i.

Eg vil sjølv gjerne halda fram ordskiftet i avisa. I ei tid med så lågt ideologisk nivå på dei fleste ordskifte, er det godt for nokon å ein kvar å bli utfordra på kva ein tenkjer og -skriv, men vegen til å få folk til å ta opp utfordringa går ikkje gjennom å drita dei ut.

Kameratsleg helsing,
Guri Kulås
(For ordens skuld så er det eg som er ansvarleg for filmstoffet i KK no)