Re: Aust-Europa

Paal Hellesnes (paal@feskar.net)
Thu, 26 Mar 1998 14:48:16 +0100 (MET)

"Norsk venstreside, NKP inklusive, ligger i dag under
for en enisidig forestilling om at alt har gått helt skeis, og at USA har
vunnet den kalde krigen. Hvis det skal være på den måten, ja da er det
ikke mye å bry seg med lenger"
(sitat Lydersen)
Dette er jo ikkje nett ein offensiv innstilling, eller kva? Ja, kva om det
stemmer at USA vann den kalde krigen, tyder det at "det ikke er mye å bry
seg med lenger"? Tvert om, det har vel neppe nokon gong i menneska sin
historie vore så mykje "å bry seg med".
Omveltningane i Aust-Europa representerer ei klår forverring av tilhøva
for mange millioner menneske, til og med det undertrykkande, stivna
"kommunist"-veldet dei levde under var betre enn elendet vi er vitne til
no. Det einaste som kan seiast å vera bra med utviklinga er vel at det no
er mogleg å kalla seg kommunist utan å måtte stå inne for eskapadane til
eit utsugande mindretal i imperialistiske regime.

Paal Hellesnes
Personsoekar: 96 84 78 06
Finger paal@feskar.net for PGP-nøkkel