Re: Telepolitikk

Ottar Solberg (ottsolbe@online.no)
Tue, 17 Mar 1998 15:23:52 -0800

Ein kort kommentar til telepolitikken.

Ingen av telefonileverandørene i Norge i dag vil ha fast-linje telefoni
for folk flest.
Dei store gamle telefoniselskapa Telenor og Telia innser at dei fortsatt
må ha eit visst tilbod til privatkundar. Dei gir rabattar derogså, men
ikkje så mykje som til bedriftskundar.
Tele2 sa opent at dei ikkje er interessert i å ha telefonitilbod til
privatkunda, samtidig som dei anklaga Telenor for å suge ut
privatkundane.

Privattelefoni er meint å bli flytta over på mobiltelefon.
Der rasar prisane nedover. Netcom påstår at det er det dei som har fått
til ved konkurranse med Telenor. Det er det klart noko i, men dei
overser glatt den vesentlegaste delen som har gitt rom for å få
mobiltelefoniprisane nedover, nemleg tekonologiutviklinga.

Ottar Solberg.