Re: Kultur i KK

Paal Hellesnes (paal@feskar.net)
Tue, 17 Mar 1998 14:36:15 +0100 (MET)

Connie Garfalk gjer ein liten feil i sin "kritikk av kritikken". Ho skriv
at det må vera opning for filmmeldingar som "berre er kule". Eg tror du
forvekslar STIL og INNHALD her, CG. Dette er det mange som gjer. T.d.
skriv mange journalistar i Adresseavisen med ein særs "seriøs" stil, noko
som gjer at ein tror at det dei kjem emd er grundig gjennomarbeida og
djupe saker, samstundes som det gjerne er konservativt, lettvint innhald i
artiklane. På same måte har eg lest artiklar skrive i ein "kul" stil, med
dønn seriøst innhald.
Eg tror ikkje at herrene Andresen eller Johansen har noko imot at folk
skriv "kult". Eg meiner i alle høve at eit funn for KK hadde vore nokon
som kan skriva "kult og ungdommeleg" og som har noko fornuftig å melda
samstundes.

Paal Hellesnes
Personsoekar: 96 84 78 06
Finger paal@feskar.net for PGP-nøkkel