Telepolitikk

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Tue, 17 Mar 1998 14:11:18 +-100

Svar til Geir Hem om telepolitikk.

Eg skreiv:

"Når det politisk styrte monopolet no fyrst er oppheva, er det kanhenda rett
å >slå fylgje med markedsliberalistane og kreva at tevlingaa blir hardast
mogleg i >dei lønsame delane av marknaden"

Kan henda er eit sentralt uttrykk her. Eg *tenkjer tanken*, på trykk i avisa. Fordi: Dersom det blir slutt på at Telenor skal bruka dei pengene dei tener mellom anna til "å ta samfunnsansvar" skulle eg tru at det er rettvist å kreva "Billigast mogeleg informasjon til folket - Nei til telemonopolkapitalens utsugarprisar!", eller liknande. Og då bør ein syta for skikkeleg tevling.

Som sagt: Dette er berre ein tanke. Eg er klår over at tanken står i motsetnad til "alt vi har stått for i slike spørsmål" osb..... Men KK skal jo vera lit avant garde, då.... Sidan eg er lett inkompetent på dette området, garderte eg meg og skreiv "kan henda". Flaks for meg ser det ut til, sidan gode gamle Hem står klar med slegga. Vi vil gjerne ha debatt om slike spørsmål, så du må gjerne gå hardt ut, sett igang!

:-)

Magnus Marsdal
KLASSEKAMPEN