Re: Korea

Paal Hellesnes (paal@feskar.net)
Tue, 20 Jan 1998 14:31:28 +0100 (MET)

Med fare for aa vera flisespikkar...
Eg tror nok du har noko rett, Trond, men ikkje heilt. Du hevder at det er
umogleg aa gjennomfoera storstilte imperialistiske krigar i andre land i
dag grunna dei betra kommunikasjonsmidlane. Dette tror eg er ei sanning
med modifikasjonar. Det er sjoelvsagt sant at det er MYKJE vanskelegare aa
gjera dette no enn i 1914, men framleis er det fullt mogleg. Det eg tror
du undervurderer er at den betra kommunikasjonen og kan misbrukast av
herskarane i dei imperialistiske landa til aa foera massiv desinformasjon
og propaganda. Golf-krigen er eit godt doeme, Vietnamkrigen eit anna.
Sjoelv om vi ikkje hadde internett under Vietnamkrigen var det ikkje
mangel paa informasjon i USA om foelgane av krigen og loegnene til den
amerikanske regjeringa. Men dette foerte ikkje til ein kraftig nok protest
heime (i USA) til at det stogga krigen. (For mykje stoff og kilder om
dette, les Noam Chomsky "Amerikas krig med Asia" - ei glimrande bok)
Det har ofte vorte hevda at USA tapte Vietnamkrigen "heime, og ikkje paa
slagmarka". Dette tror eg ikje stemmer - det var reint militaere omsyn som
gjorde at dei ikkje kunne vinna krigen. Eg tror det var hovudaarsaken til
at dei til slutt ga opp, og ikkje motstanden mot krigen i USA.

Er interessane viktige nok, vil ikkje USA (eller andre) noela med aa setta
i gong nye imperialistiske eventyr. AT dette knapt ville vore reaksjonen
om S-Korea nekta aa betala gjelda si, er ei anna sak.

Kh
Paal Hellesnes