Eit utelate avsnitt

Olav Randen (boksmia@online.no)
Sat, 17 Jan 1998 18:15:05 +0100

15.1. hadde eg følgjande lesarinnlegg i Klassekampen. Men sluttavsnittet
var ikkje med. Det kan vere a) fordi redaksjonen tykte det var uvesentleg
og difor kunne strykast, b) fordi redaksjonen hadde trongt om plass og
difor strauk attanfrå slik redaksjonar ofte gjer, eller c) fordi det
avsnittet tok opp, var ubehageleg for avisa og/eller aviseigaren. Fordi eg
ikkje heilt ser bort frå at forklaringa er den siste og meiner ein skal
reagere på alt som kan vere sensur, legg eg artikkelen inn på dette
forumet.

Framtid utan oppskrift

I Klassekampen 8.1. spør Ole Lars Andresen meg med bakgrunn i eit innlegg
eg hadde i avisa 301297: "Har du en oppskrift for å forene de positive
erfaringene fra den sosialistiske organisasjonspraksisen i for eksempel
Norge med de livgivende impulsene fra den frihetskrevende tenkinga i for
eksempel Danmark? Og hvordan tenker du deg at leserne og vi kan omdanne
Klassekampen til organet for "den vesle kvinne og mann" og den frie tanke?"
Det er svære spørsmål og viktige spørsmål. Og nei, eg har inga oppskrift og
trur ikkje oppskrifter finst. Men eg kan leggje fram nokre tankar om
spørsmåla. Om mange tenkjer vidare i nokre månader eller år, vil me kome
vidare.
Som bakteppe vil eg måle ml-rørsla si historie med brei pensel:
Den rørsla som for alvor tok laus i siste halvdel av sekstiåra, hadde tre
hovudmål. For det første ein global solidaritet, for det andre fridom knytt
til mennesket som samfunnsmedlem og ikkje som enkeltindivid, og for det
tredje det å forstå livet og samfunnet til botnar. Med desse hovudmåla tok
rørsla med ml-arar som kjerne sjumilssteg framover, var ein nødvendig del
av kampen mot EEC og prega mykje av norsk tenking.
Hadde denne rørsla greidd å knyte banda til norsk og nordisk
folkerørsletradisjon, sétt likskapen mellom Grundtvig og Mao for å skrive
det enkelt, hadde ho kome lenger og kanskje greidd å hindre tilbakeslaget.
Om dette har eg skrive i artikkelen "Om eit raudt bedehus, Stalin og det
konsekvente demokratiet" i Røde Fane 4-94
Rundt 1975, kanskje før i dei store byane, stagnerte det. Det vart
sentralisme framfor livleg og livgjevande demokrati, formidling av tankar
ovanfrå og etter fasit (Marx, Lenin og sentralkomiteen) framfor
sjølvstendig tenking, ferdigtogne svar framfor nyfikne og kreative
spørsmål. Erkjenningshungrige og fridomssøkjande ungdommar skifte frå å
tenkje sjølve til å forsvare standpunkt. Anna tenking vart ikkje lenger
verdifulle tilskot som kunne utvikle forståinga, men avvik som skulle
nedkjempast. Kadervurderingane vart spørsmål om lojalitet til leiing og
linjer.
Med dette skiftet traut også tenkjeevna, slik at når forholda endra seg,
klamra ml-rørsla seg til dei same svara og heile sin tankemodell. Den
økonomiske krisa kom ikkje, arbeidarklassen voks seg ikkje mektigare og
meir samla, og imperialistmaktene brasa ikkje saman i verdskrig. Derimot
voks miljøproblema seg sterkare og globaliseringa tiltok økonomisk og
kulturelt. Men når svara ikkje fanst i klassikarane og sentralkomiteen
ikkje var i stand til å tenkje nytt og andre skulle lystre heller enn å
tenkje, kom heile rørsla bakpå.
Bortsett frå at tilliten til sentralkomiteen er borte og til dei
marxistiske klassikarane har vorte tynnsliten, står me der enno, meir enn
tjue år etterpå. Der står me i eit samfunn der stadig fleire og frå dei
fleste politiske leirar ser at det går ad undas, men der stadig færre trur
det er noka råd med det. Som hoffet til Ludvig 14 tenkjer politikarar verda
over etter Kyoto - og nordkvinner og -menn flest som dei - at etter oss
kjem syndfloda. Eller i dette høvet vassfloda når isane smeltar.
Ja vel, Andresen, kanskje er du samd i det meste av dette, om du med rette
tykkjer penselen er i breiaste laget. Men det var oppskrifta og ikkje
fortida du spurde etter. Og eg har berre nokre av ingrediensane i denne
deigen. Eg vil ha meir av noko og mindre av anna.
Eg vil ha fleire dristige, galne, kreative, overskridande spørsmål og
framlegg om korleis me skal få til ei rettferdig og berekraftig verd. For
det er det me må få til, ikkje noko mindre. Det er til dømes kurant og
sjølvsagt på sin plass å kritisere direktørlønningar, men tåler ein klode
mett av forureining norsk lønns- og velferdsnivå? Og kva gjer me viss
svaret er nei? Spørsmål av dette slaget ryggar dei fleste av oss attende
for.
Eg vil ha fleire tenkjarar fram. For framleis er det slik at vanlege folk
har innsyn og tenkjeevne og at dei rette tankane kjem nedanfrå, som salig
Mao sa. Dei politiske debattane på torget heime har ofte meir spenst i seg
enn partileiardebattane i fjernsynet
Eg vil ha ei opptrening av evna til å lytte og forstå og ei meir
respektfull og audmjuk tenking. Altså at det andre meiner, ikkje alltid er
avvik frå det rette som difor må nedkjempast, men derimot bidrag til at me
i fellesskap skal forstå meir.
Eg vil ha meir kunnskapar. For kunnskapar er grunnlaget for å finne svara.
Eg vil krevje av profesjonelle forskarar at dei gjer jobben sin med å
formidle resultata til vanlege folk og med å forske i heilskapar. Men
viktigare enn det er det å få fram dei kunnskapane som finst blant vanlege
folk. Gamlingane heime veit meir om fornuftig landbruk enn det dei gjer på
NLH på Ås, for å ta eit døme. Eg vil ha skikkelege bibliotek med
arbeidsstover og internett-tilgang, kunnskapsskole og strenge
informasjonskrav til alle media.
Eg vil ha dei lange avisartiklane og dei grundige bøkene. For verkelegheita
er ofte komplisert. Marx og Engels skreiv eit stutt og agitatorisk
manifest, men også tjukke bøker om Kapitalen.
Eg vil ha mindre personfokusering. For personane er ikkje særleg
interessante. Eg er ikkje det, Andresen er ikkje det og Kjell Magne
Bondevik er ikkje det. Det er det som blir meint og gjort som er vesentleg.
Eg vil unngå dei raske og ugjennomtenkte svara. Ikkje berre i vanleg
mediekultur, men også i og rundt den rørsla Andresen og eg på eitt vis blir
verande delar av til våre dødsdagar same kva me bruker resten av liva våre
til, er gjerda at folk går ut med ferdige standpunkt svært raskt. Legg eit
innlegg inn på Klassekampen-forum, to timar etter ligg eit motinnlegg der,
og synsmåtar er låste. Men me treng refleksjon framfor polemikk og difor
både tid til å tenkje gjennom spørsmål og til å skifte eller utdjupe syn
under vegs.
Eg vil ha mindre av Steinar Hansson, Kåre Valebrokk, Olav Versto og Arve
Solstad og andre profesjonelle meinarar og kulturistar. For dei tenkjer
lite og likt.
I sum vil eg altså ha fleire spørsmål og færre skråsikre svar. Andresen
skriv om risikoen for å bli så mangfaldsfiksert at me mister handlekraft.
Ein slik risiko er til stades, men eg trur me kan utsetje dei høge
varsko-ropa til dess me har kravla oss opp or den grøfta me no er i.
All right, Andresen, dette er altså ikkje Oppskrifta med stor o. Men det er
nokre av dei ingrediensane me bør blande saman. Så kan du og eg og
tusentals andre blande inn fleire ting, ta ut somt, fordele annleis,
prøvesmake og blande på nytt, og kanskje blir bakverket til slutt etande.
Men om me skal ha Klassekampen med oss i denne oppskriftslause bakinga, er
det første, smålåtne kravet at aviseigaren viser livsteikn. Eg har fått
reaksjonar på innlegget mitt 30.12 om avisa frå Australia, frå Stavanger og
no frå Andresen i Portugal, men aviseigar AKP er like fjern frå debatten
som eit Bahamas-registrert rederi er frå norske debattar om arbeidsforholda
til sjøs.

Olav Randen