Re: Orsaking så trekkjer eg meg

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Thu, 28 May 1998 15:59:26 +0200

Jostein Laugaland wrote:
>
> Vær konkret gut. Eg hugsa eg inviterer til å drøfte IT. Er det
> irrelevant? Er Solheim og Hernes irrelevante. Hernes er truleg ei
> viktigare brikke enn Gro, i mangt. Det er Hernes som har vore
> ideologen i regjeringa. Dei fleste trådar som rører på seg i skule og
> helse går til edderkoppen. Snart overlever ingen i sjukehuset som òg
> er ei pengesluk. Kor mykje vil du gi sjukepleirarene for å
> halde ut, enn lærarane som skal bakse med den gallopperande normløysa
> og alt anna? Kvifor sentralisering i eitt og alt? Har prestesonen
> gått på stort universitet i USA og vorte stormannsgal? Er sosiologi
> i det heile noko nyttefag? Mange gode spørsmål. Kvifor har du ingen
> svar, gut?

No bryt eg mi eiga oppfordring og svarar Jostein Laugaland. Det blir
siste gongen, eg kjem ikkje til å bruke meir tid på han.

I den endelause serien av tiradar frå JL kan det sjølvsagt ha dukka opp
ei og anna problemstilling som er relevant, kanskje t.o.m. eit og anna
synspunkt som held vatn. Problemet er at han ikkje argumenterer, men
pøsar på med forvrengingar, skjellsord og personkarakteristikkar som
ikkje har med saka å gjere. Sjå f.eks. dette:

> Du oppfordre meg til å stikke halen mellom beina liksom, fordi eg har
> sagt kva eg meiner og du ikkje likar det. Vett du, dette er uverdig
> ein Lars. Lars heite òg far min. Han ser eg opp til, deg ser eg ned
> på. Sjølv var han avholdsmann men nekta meg aldri noko. Mitt liv stod
> eg til ansvar for., ikkje han. Han gjekk ein hard veg i armod i
> trettiåra og vegen kunne eg aldri ha orka. Norge er det karrigaste
> land i Europa visste du det? Det visste han. Han var klok, du verkar
> dum. Han gav meg ytringsfridom i nådegåve og den trua mi skal eg døy
> på, men kva faen kan du?

I tidlegare innlegg finst det mange avsnitt som eg kunne ha sitert, og
som er verre enn dette. Eg rår JL til å gå tilbake til dei gamle
innlegga sine og lese dei kritisk, gjerne tenkje seg at han er ein annan
person som mottek dette i e-posten sin.

> Kom med ei orsaking, så skal eg vurdere å trekke meg sjølv.
> For eg vil ut av dette. Kammerat Andresen trur eg er for feig til å
> gi deg noko handsrekning.

Dersom JL vil ut av KK-forum, så er det ingen som hindrar han. "Kammerat
Andresen" har oppskrifta.

Lars Staurset