Orsaking_så_trekkjer_eg_meg_sjølv.

Jostein Laugaland (Jostein.Laugaland@it.his.no)
Thu, 28 May 1998 15:02:26 GMT +1

> Date: Wed, 27 May 1998 15:58:59 +0200
> From: Lars Staurset <lars.staurset@statkart.no>
> Reply-to: lars.staurset@statkart.no
> To: klassekampen-forum <klassekampen-forum@aksess.no>
> Subject: Jostein Laugaland og KK-forum

>På direkte oppfordring
> frå Trond A. om "å få høre - i mer nøkterne ordelag - hva som er JL sitt
> forslag til *politikk* på dette området", svarar JL berre med meir av
> same sorten.

Vær konkret gut. Eg hugsa eg inviterer til å drøfte IT. Er det
irrelevant? Er Solheim og Hernes irrelevante. Hernes er truleg ei
viktigare brikke enn Gro, i mangt. Det er Hernes som har vore
ideologen i regjeringa. Dei fleste trådar som rører på seg i skule og
helse går til edderkoppen. Snart overlever ingen i sjukehuset som òg
er ei pengesluk. Kor mykje vil du gi sjukepleirarene for å
halde ut, enn lærarane som skal bakse med den gallopperande normløysa
og alt anna? Kvifor sentralisering i eitt og alt? Har prestesonen
gått på stort universitet i USA og vorte stormannsgal? Er sosiologi
i det heile noko nyttefag? Mange gode spørsmål. Kvifor har du ingen
svar, gut?

Sentralisering står kraftsosialisten bak. Er det fordi du er samd
med Hernes at du vil kamuflere dette? Eller vil du heller leike
indianer og kvit og trur det som vert sagt på KK-forum er så viktig
for storpolitikken at det vert avlytta i Kreml? Slapp av. Du er ikkje
så important. Ikkje eg heller forresten.

> JL har ikkje lenger noko positivt å bidra med på KK-forum; har har
> grundig gjort til inkjes argumentet mitt for å la han vere her.

Her er du sjølvsagt i full rett. Ditt val er ditt og det legg ikkje
eg meg uti. Men kvifor legg du deg konstant borti andre si
dømmekraft. Er det ungar du passar på. Det er nyttelaus , du er sjølv
ein liten veng og lyt sjølv ha ei hand å holde i..
>
> Bør han så stengjast ute? Nei, eg unner han ikkje den gleda. Eg
> oppfordrar han heller til å melde seg ut av forumet sjølv.

Denne tykkjer eg er toppen. Her er KK-kulturen som vi veit
udemokratisk og diktatorisk med resolutt evne til eksklusjon. Nytt
den. Eg protesterer ikkje. Sjølvagt har eit frimurt vennesamfunn min
sympati for å holde samfunnet i hevd og luka bort ugras. Skulle berre
mangle. Eg er oppvokst med kultur for luking av ugras.

Du oppfordre meg til å stikke halen mellom beina liksom, fordi eg har
sagt kva eg meiner og du ikkje likar det. Vett du, dette er uverdig
ein Lars. Lars heite òg far min. Han ser eg opp til, deg ser eg ned
på. Sjølv var han avholdsmann men nekta meg aldri noko. Mitt liv stod
eg til ansvar for., ikkje han. Han gjekk ein hard veg i armod i
trettiåra og vegen kunne eg aldri ha orka. Norge er det karrigaste
land i Europa visste du det? Det visste han. Han var klok, du verkar
dum. Han gav meg ytringsfridom i nådegåve og den trua mi skal eg døy
på, men kva faen kan du?

Kom med ei orsaking, så skal eg vurdere å trekke meg sjølv.
For eg vil ut av dette. Kammerat Andresen trur eg er for feig til å
gi deg noko handsrekning.

jostein

Jostein Laugaland , HiS Postboks 2557 Ullandhaug
4004 Stavanger
Tlf 51 83 10 16 email: jostein.laugaland@it.his.no
Fax 51 83 10 42