Jostein Laugaland og KK-forum

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Wed, 27 May 1998 15:58:59 +0200

Eg har tidlegare tala mot å stengje Jostein Laugaland (JL) ute frå
KK-forum, og m.a. grunngjeve det slik:

> JL er ikkje åleine om haldningane sine; det finst ein del grums i
> det såkalla folkedjupet. No har noko av det kome fram i KK-forum, og
> vorte møtt på ein korrekt måte. ... Slik sett er det ein styrke for
> forumet at ein og annan frå den andre sida forvillar seg inn hit.
> ... Det
> finst sikkert andre fora som passar betre for han. Men blir KK-forum
> betre av å stengje han ute? Dersom berre folk frå venstresida skal
> sleppe til her, er det fare for at debatten stagnerer. Det er mange
> saker vi er nokså samde om, og det er bra, men vi treng å få fram
> argumenta våre for å finslipe dei. Vi skal vel ikkje ha berre
> Stalin/Trotsky-debatt her? ;-)

Dette skreiv eg 15. mai. Etter det har JL sendt inn ei rad med innlegg
som ikkje eingong er "grums frå folkedjupet", men berre synsing og
negative karakteristikkar av alt han ikkje likar. På direkte oppfordring
frå Trond A. om "å få høre - i mer nøkterne ordelag - hva som er JL sitt
forslag til *politikk* på dette området", svarar JL berre med meir av
same sorten.

JL har ikkje lenger noko positivt å bidra med på KK-forum; har har
grundig gjort til inkjes argumentet mitt for å la han vere her.

Bør han så stengjast ute? Nei, eg unner han ikkje den gleda. Eg
oppfordrar han heller til å melde seg ut av forumet sjølv. Han passar
ikkje her, men det finst kanskje andre fora der han kan finne nokon som
set pris på det han skriv. (Har nokon tips om det?)

Dersom JL held fram å skrive på denne måten, oppfordrar eg andre
forum-deltakarar til å ikkje la seg provosere til motinnlegg. JL har
ingen argument for synspunkta sine, så vi treng ikkje å motseie han. Dei
som likevel ønskjer å gjere det, bør bruke privat e-post.

Lars Staurset