Re: Laugaland - en talsmann for rasistiske fordommer

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Fri, 15 May 1998 14:55:30 +0200

kkvist wrote:

> Akkurat det overasker meg ikke - det som overrasker meg er at folk
> klarer å forsvare Laugalands rett til å spre fordommene sine til alle
> og
> enhver. Det skjerper ikke tanken og det gjør ikke debatten bedre. Rydd
> opp Trond Andresen!
>
> Kjetil Kvist

Dette er to debattar: (1) Om meiningane til Jostein Laugaland (JL), og
(2) om han skal få komme til orde på KK-forum.

(1) Kjetil Kvist set JL på plass på ein framifrå måte i det innlegget eg
siterer litt frå. Han har også gjort det i tidlegare innlegg. Der JL
slår om seg med flosklar, fordommar og personspark, argumenterer Kjetil
sakleg og presist. Bravo!

(2) JL er ikkje åleine om haldningane sine; det finst ein del grums i
det såkalla folkedjupet. No har noko av det kome fram i KK-forum, og
vorte møtt på ein korrekt måte. Om skrivinga har skjerpa tanken hos
Kjetil, veit eg ikkje, men han har iallfall skrive noko som kan skjerpe
oss andre. Slik sett er det ein styrke for forumet at ein og annan frå
den andre sida forvillar seg inn hit.

JL har sjølvsagt ingen *rett* til å få ytre seg på dette forumet. Det
finst sikkert andre fora som passar betre for han. Men blir KK-forum
betre av å stengje han ute? Dersom berre folk frå venstresida skal
sleppe til her, er det fare for at debatten stagnerer. Det er mange
saker vi er nokså samde om, og det er bra, men vi treng å få fram
argumenta våre for å finslipe dei. Vi skal vel ikkje ha berre
Stalin/Trotsky-debatt her? ;-)

Lars Staurset