Re: En nødvendig endring av den kommunistiske utopi

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Thu, 14 May 1998 16:27:01 +0200

Kjell S Johansen wrote:
>
> At 11:38 04.05.98 +0200, lars.staurset wrote:
> >Tankekors 1: Vil produksjonskollektivet bry seg med å utvikle nye
> >modellar av datamaskinane dersom alle brukarane synest dei gamle er
> gode
> >nok? Korleis går det med produktiviteten dersom oppfinningar og
> >nyutvikling stoppar? Vil eit slikt samfunn bli utkonkurrert på
> >produktivitet av andre parallelle samfunn, om slike eksisterer eller
> >oppstår på nytt?
>
> Det ligger i menneskets natur (nysgjerrigheten) å finne fram til nye
> metoder å gjøre ting, finne ut hvoerdan alt fungerer mm. (det er ikke
> drømmen om å bli rik som er drivkraften for de som driver med det aller
> meste av forskning og nyutvikling i dag heller). Innafor "moderne"
> ledelsesteori er man blitt mer bevisst det å bruke arbeidernes evner til å
> finne nye og bedre måter å gjøre ting på, til å bedre produksjonen (for å
> øke profitten). Dette må vi finne måter å gjøre det på også under
> sosialismen. En forutsetning må sjølsagt være at dette fører til bedre
> forhold for arbeiderne, ikke til økt utbytting.

Forsking og utvikling (F&U) kan drivast mange stader, frå CERN
(elementærpartikkelfysikk) og Intel (mikroprosessorar) i det eine
ytterpunktet til enkeltpersonar og små kjellarfirma (Microsoft for 18-20
år sidan) i det andre. Somme slags oppgåver kan løysast i kjellarrommet,
men ikkje alle. Spissteknologi og grunnforsking krev i dei fleste
tilfelle både dyrt utstyr og mange menneske som arbeider saman. Dette
kostar pengar, og investorane (staten eller private) vil som oftast ha
noko att for det.

Ei anna sak er at dei personane som gjer sjølve F&U-arbeidet, godt kan
ha nyfikne (nysgjerrigheit) eller skapartrong som personleg drivkraft. I
mange tilfelle tener dei ikkje
særleg godt heller.

Flyttar vi oss no eit par hundre år fram i tida, og tenkjer oss at vi
har eit slik samfunn som Trond A. skisserte, så vil det framleis vere
slik at somme slags F&U krev store ressursar. Måten å tildele
(prioritere) desse ressursane på, vil ha endra seg. Korleis det skal gå
for seg, kan vere ein interessant debatt i seg sjølv, dersom ein legg
til grunn at statsapparatet meir eller mindre skal forsvinne.

Iallfall er det rimeleg å tru at samfunnet vil ha ein viss nytteverdi
att for investeringane, sjølv om profitt ikkje lenger er eit mål. Nytta
kan vere mindre miljøproblem (forureining, ressursuttak, arbeidsmiljø
osv.), eller meir effektiv produksjon slik at folk får meir fritid. Det
kan også vere nye produkt som skal fylle all denne fritida, men her
møter vi eit tankekors, dersom vi held oss til Trond A. si presisering:

> I det kommunistiske samfunnet vil en person som stadig er frampå for
> å grabbe til seg siste modell av en datamaskin bare fordi den kan
> hentes ut gratis fra det kollektivet som bygger slike maskiner, og
> på tross av at han har en annen som er nesten like bra, bli sett på
> som en ynkelig overlevning fra tidligere tider.

Eg har stor sans for denne tankegangen, men eg er også usikker på det
praktiske resultatet. Det ligg vel i dette at samfunnet vil prioritere
ned F&U til forbrukarsektoren. Skal forskarane då få meir fritid, eller
skal dei arbeide med (kanskje forske på) andre ting? Vil summen av dette
bli mindre F&U, og gjer det i så fall noko?

Dersom dette (kommunistiske) samfunnet er det einaste som finst, går det
vel greitt. Men kapitalistiske produksjonsmåtar vil også eksistere i
overgangsperioden, og kanskje oppstå på nytt. Vil kapitalistane (som
ikkje har skruplar med å forureine eller bruke naturressursar) vere
flinkare til å utvikle nye produkt, og såleis konkurrere ut "våre" folk?

Lars Staurset