Sunsur på KK-forum (var: Venstresida og Gohlam)

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Thu, 14 May 1998 16:49:50 +0200

Trond Andresen wrote:

(klipp)

> KK-forum på Internett er åpen for alle. Hvem som helst som
> leser KK-forum på Veven kan sende inn innlegg. Men jeg kan gjøre
> følgende
> hvis det er stemning for det (innstramningene er lista opp etter
> stigende
> alvorlighetsgrad):

(klipp)

Nei, no må det blir slutt med å krevje sensur på forumet kvar gong nokon
skriv noko vi ikkje likar. Å stengje ute nazistar er greitt, men ellers
kan eg ikkje sjå at det er nokon som skaper problem her. Det måtte då
vere for diskplassen ved universitetet i Trondheim.

Jostein Laugaland har andre meiningar enn mange av oss andre. Det er OK,
for det fører til at vi må skjerpe tanken når vi skriv. Debattstilen
hans kunne ha vore betre, men det gjeld også andre deltakarar. Somme
gonger bruker han formuleringar som mest karakteriserer han sjølv, og eg
lurer på om han er representativ for debattnivået er ved HiS. Det får
vere ei sak mellom han sjølv og kollegane hans.

Sigurd Lydersen har ein del interessante tankar om saker og ting, og har
jo skapt ein del røre i NKU. Tankane han har om seg sjølv, er mindre
interessante for oss andre. Dessverre skriv han altfor langt. Det er
synd for han sjølv, fordi somme etter kvart filtrerer innlegga hans
bort. Han bør absolutt skjerpe seg, men eg kan ikkje sjå at forumet blir
betre av å stengje han ute.

Om så nokon kjem med kunngjeringar om organisasjonar, nettsider,
demonstrasjonar eller sal av KK-aksjar på forumet, så kan eg ikkje
skjøne kva skade det gjer.

Snart er det sommar, og då blir vel forumet daudt nok utan inngrep!

Lars Staurset