re:Nynazister=5Favvises=5Fpå=5FKK-forum

Finn Sindre Eliassen (finn@alesund.fylkesbibl.no)
Mon, 11 May 1998 09:33:19 +0200 (MET DST)

Lie-Gjeseth skriv:

> 1) Er det riktig å aksjonere mot Nazister på nettet ?
> (Bl.a. er Andresens fjerning av nazier en aksjon)

Eliassen:

Eg meiner det er rett av listeadminstrator å fjerne naziar frå lista. Det
er grei skuring. Vi må aksjonere mot naziar både på nettet og i andre
forum.

Lie-Gjeseth:

> 2) Hva slags form skal vi bruke ?
> Passivt (debatt??, motinnlegg??) eller aktive aksjoner mot nazistene ?
> (bombe postkassene....)

Eliassen:

Vi bør leggje stor vekt på å debattere; med nokre av dei iallfall. Vi har
alle argumenta på vår side. Det er gale å ikkje utnytte det. Men det er
klart at striden mot naziar også opnar for mange typar aksjonar.

Lie-Gjeseth:

> 3) Kan vi som radikale i det hele tatt forsvare at nazistene har noe plass
> på nettet ? (er den borgerlige rettigheten "ytringsfrihet" heva over
> menneskeverdet til titusenvis av innvandra nordmenn?)

Eliassen:

Dersom vi er radikale i den store demokratiske tradisjonen, så er det nett
det vi gjer; stør retten til naziane til å ytre seg på nettet også.
Ytringsfridomen og prentefridomen er heilt rett borgarlege fridomar. Det
vil seie at dei vart kjempa fram i dei borgarlege revolusjonane på 1600-
og 1700-talet. Ein tanke som m.a. var målboren av Milton, var ei tru på at
skal sanninga vinne fram så føreset det at løgna kjem til orde.

Denne tanken har eg stor sans for. Eg vil ikkje ha ei samfunn der politi
og påtalemakt avgjer kva som er sant og kva som er løgn. Den offentlege
debatten skal avgjere det.

Motsetnaden mellom menneskeverd og ytringsfridom er falsk. Ytringsfridomen
er ein av mange premissar for menneskeverdet.

Finn Sindre Eliassen