Re: Nok om ytringsfriheten.

Filip Stokkeland (filip@online.no)
Mon, 11 May 1998 10:35:28 +0200 (MET DST)

Tarald Braathen Ellingsen skreiv:
>Internett er en liten leikeplass for oss med penger. De
>som mest trenger det vil f.eks aldri lese dette innlegget
>eller noe annet av det som har blitt skrivd inn på
>KK-forum. Å hevde som Tron Øgrim og andre
>kvasiradikale: -at internett er demokratisk, -det er
>venstrekreftenes nye historiske mulighet,
>-ytringsfrihet med potens osv. blir aldri mer enn billige
>reklameslagord for Bill Gates.

Eg trur du undervurderer den teknologiske utviklinga. På
same måten som folk i slummen i Sør-Amerika har
fjernsyn sjølv om dei ikkje har mat, kjem "Nettet" (i ei eller
anna form) til å verta noko alle må ha, og som alle kjem til å ha ein gong i framtida. Dersom dét stemmer, so *er*
Internettet eit historisk høve. Oppbygninga av internett er
vel faktisk slik at det i praksis er umogleg å sensurera -- i alle fall so langt. Dei har jo freista å hindra ulike frigjeringsrørsler o.l. i å få lagt fram/ut sitt syn, det har dei sso vidt eg veit enno ikkje fått til. (?) På den andre sida
har ein heller ikkje fått stoppa barnepornoen og slikt.

-F-
PS! Elles er vel Bill Gates i praksis ein av dei største
truslane mot ytringsfridomen på nettet.