Re: Siste kvast til Kvist

Jostein Laugaland (Jostein.Laugaland@it.his.no)
Wed, 6 May 1998 07:47:42 GMT +1

Siste kvast til Kvist

Du svarte ikkje på utfordringa: Kvifor går radikalarane frå
kollektivisme til individualisme i sin nye utopia. Marx og Lenin
ville løysa "det kulturelle og det religiøse vanvidd" på sin måte.
Korleis løyser venstresida i Norge dette i dag ? (Uttrykket "det
kult.." låner eg frå Jyllandsposten sin utsendte i Indonesia.
Vanviddet syda og kokte under overflata der. ) Ta eit oppgjer med
ML-ideologi før du skjeller ut meg, med andre ord.

Sjølv det norske sosialdemokrati med moderat kollektivisme og unikt
demokrati og folkestyre har vorte eit skjellord for høgre og
venstresida som skrik på individualisme. Er dette ein hop utskejemde
pappaguttar heile bunten? Udemokratiske er iallfall den
selsomme eliten framleis, og det rekk for meg. Saman med
kristensosialistane har dei vel stor tru på paradiset
og tusensårsriket rundt hjørnet.

Eg utfordra på islam fordi meiningane frå denne kant hadde aldri
venstresida tolert frå norsk lekmannsrørsle. Og
ein viss minimum av likskap må vi krevja om målet er frihet og
brorskap.

Apropos nasjonalisme. Nå hadde vi ikkje hatt nokre fritt sjølvstendig
land om her ikkje hadde funnest nasjonalistar. Nasen som vert hylla
for sitt hjelpearbeid og som har gitt namnet til Nansenskulen var som
vi veit stiftar av Fedrelandslaget som var svært så nasjonalistisk.
Nå er det sjølvsagt òg ulogisk at venstresida stør opp om
supernasjonalismen, minoritetspolitikk, som dei gjer. Men argumenta
derfrå er ulogiske så ei pølse til og frå i slaktetida skal
ikkje prute vidare på.

Før du riv ned nasjonen hadde det hjelpt grassat
på om du forklarte kva du ville byggja opp. Eit mini-FN? Du
stikk vel av tenkjer eg utan dekning på konto til noko oppgjer.

jostein
Jostein Laugaland , HiS Postboks 2557 Ullandhaug
4004 Stavanger
Tlf 51 83 10 16 email: jostein.laugaland@it.his.no
Fax 51 83 10 42