Re: Pol Pot er daud att

Finn Sindre Eliassen (finn@alesund.fylkesbibl.no)
Mon, 20 Apr 1998 12:31:39 +0200 (MET DST)

Aarbakke skriv:

> Det fine med at Pol Pot døyr så ofte som han gjer, er at ein kan
> diskutere dei same tinga oppatt og oppatt.

Eliassen:

Det er mange år sidan Kambodsjaspørsmålet har vore diskutert i norske
media. Det er opplese og vedteke at Raude Khmer med Pol Pot i leiinga
avliva mellom ein og to millionar landsmenn i perioden 1975-79. Dette er
noko alle veit. Dette vert slått fast utan diskusjon i norske og andre
vestlege media. I den tredje verda er klimaet annleis. Der vert
det hugsa kva USA gjorde i Vietnam og Kambodsja. Der vert det
hugsa og diskutert kor forkasteleg Vietnam sin invasjon i
Kambodsja var. T.d. i høve til prinsippa vedtekne på
Bandungkonferansen i 1954 (var det vel).
Men i vesten er tonelægjet er så oppskrudd at diskusjon er vanskeleg.
Spørsmålet er korleis ein stiller seg til folkemordet, ikkje om der var
eit folkemord; eventuelt kven det var som utførte det.

Aarbakke:

> T.d. ventar eg no ein ny
> nekrolog frå Astor Larsen der det står kor misforstått stakkars Pol Pot
> var, og Aftenposten har allereie brokka seg over myrderia, støtta frå
> ml-miljøet, og så bortetter, utan å nemne at hr. Pot vart ein av USAs
> klientar med det same Vietnam invaderte, orsak, frigjorde, Kambodsja.
> Det siste er eit verkeleg paradoks, og må vere eit dilemma for dei
> ml-knusarane i Akersgata som er medvetne om det.

Eliassen:

Det er noko med perspektivet her som er skeivt. Når Aftenposten, New
York Times osb. i oppøst prosa stadig skriv om myrderia i Kambodsja under
Raude Khmer, bør det ringje klokker hjå nokon kvar.
Desse organa er ikkje nett kjende for å vere mot myrderi. Tvert om stør
dei kva som helst berre det tener saka.
Aarbakke er full av skepsis. Eg skulle ynskje han prosjonerte ut litt av
skepsisen på offisielle sanningar i vestlege land.

Aarbakke:

> No har jo ml-arana fortent all knusinga, men det gjer ikkje saka betre
> at dobbeltmoralen spreier seg til trekanten
> Akersgata-regjeringskvartalet-UD.

Eliassen:

Nei, det er klart. Ml-erane fortener kva det skal vere.

Aarbakke:

> Elles kan eg berre gjenta mitt Mantra om Kartago: så lenge ikkje
> venstresida tek eit oppgjer med støtta til korrupte, despotiske og
> myrderiske regime dei har støtta, vil ho ligge med brukken rygg.

Eliassen:

Universitets-og mediavenstresida ligg med broten rygg og må for min del
gjerne ligge slik i all framtid. Det vil få merke. Denne grupperinga
utviklar larm. Dei er storkjefta. Dei er flinke til å kome seg fram her i
verda. Men noka venstreside i opphaveleg tyding er dette naturlegvis
ikkje.

Den eigentlege venstresida er - vonar eg - mindre eurosentrisk og
meir kunnskapssøkjande enn Aarbakke si venstreside. Det skal elles ikkje
all verda til.

Mistru til offisielle sannningar av typen myrderia i Kambodsja i perioden
75-79 finst vel knapt på den offisielle venstresida. Og det vel slik det
skal vere.

Finn Sindre Eliassen