Nord-Irland, IRA osb.

Jon Hareide Aarbakke (jha@computas.no)
Mon, 20 Apr 1998 09:38:18 +0200

Etter mitt ringe syn skal vi vere glade for ein avtale i Nord-Irland.
Det er leit å sjå at båe sidene les avtalen som Fanden les Bibelen, og
freistar å finne støtte i han til sine mål (sjå Gerry Adams' kommentar i
dagens KK), men det er vel ikkje anna å vente.
Eg synest i alle høve at KK kunne ta ei mindre sekterisk line. Let
bygones be bygones, heiter det. How about it, PMJ?

Den einaste måten å løyse det nasjonale spørsmålet er ved å gjere det
irrelevant! Det vil seie like politiske, økonomiske og religiøse rettar
til alle. Punktum. Og totalforbud mot historiske marsjar.

Eit sameint Irland trur eg berre EU kan gjere mogleg (av di skilnadene
forsvinn, og nord og syd for grensa blir like)
Og eg stemde Nei.
Verda er ikkje enkel.

Jon Hareide Aarbakke