Pol Pot er daud att

Jon Hareide Aarbakke (jha@computas.no)
Mon, 20 Apr 1998 09:32:12 +0200

Det fine med at Pol Pot døyr så ofte som han gjer, er at ein kan
diskutere dei same tinga oppatt og oppatt. T.d. ventar eg no ein ny
nekrolog frå Astor Larsen der det står kor misforstått stakkars Pol Pot
var, og Aftenposten har allereie brokka seg over myrderia, støtta frå
ml-miljøet, og så bortetter, utan å nemne at hr. Pot vart ein av USAs
klientar med det same Vietnam invaderte, orsak, frigjorde, Kambodsja.
Det siste er eit verkeleg paradoks, og må vere eit dilemma for dei
ml-knusarane i Akersgata som er medvetne om det.
No har jo ml-arana fortent all knusinga, men det gjer ikkje saka betre
at dobbeltmoralen spreier seg til trekanten
Akersgata-regjeringskvartalet-UD.

Elles kan eg berre gjenta mitt Mantra om Kartago: så lenge ikkje
venstresida tek eit oppgjer med støtta til korrupte, despotiske og
myrderiske regime dei har støtta, vil ho ligge med brukken rygg.
Grunnen til oppgjeret ikkje kjem, er mellom anna at ein kan vise til at
det etablerte har like mange svin på skogen, og at dei ikkje tek noko
oppgjer med si støtte til ...(sjå ovanfor).
Men det held ikkje som orsaking. Tvert om, det er eit høve til å få eit
moralsk overtak.
Bruk det.

Jon Hareide Aarbakke