Re: General Krstic og Srebrenica

From: Oddmund Garvik (garvik@worldonline.fr)
Date: Tue Mar 14 2000 - 22:18:58 MET


Knut Rognes kommenterer:

>B. Garvik skriver på
>http://www.itk.ntnu.no/ansatte/Andresen_Trond/kk-f/fra170100/0475.html
>og anførselstegnene ved begynnelsen og slutten gir leseren inntrykk av at
>det oversettes direkte fra en originaltekst:

Set eg ting i hermeteikn, vil det sjølvsagt seia at det er snakk om rein
omsetjing. Det skulle vera unødvendig å måtta svare på slikt!

Denne teksten blei referert på vevsida til Le Monde i går, med lenk til
http://www.europeinfos.com/ - sjølve lenken var så lang at han gjekk over
to liner, så eg sende ikkje denne.

Notisen stod ordrett slik han er omsett her:

>>"General Krstic for den internasjonale domstolen
>>
>>Det er den første høgare ansvarlege serbaren frå Bosnia til no som
>>blir dømt for massakrane utført i 1995 då den muslimske enklaven i
>>Srebrenica fall.
>>
>>13 mars 2000. Den 52 år gamle offiseren, tidlegare høgrehanda til
>>den bosnisk-serbiske eks-miltærsjefen Ratko Mladic, må framfor
>>domarane i Haag svare for to anklager vedrørande folkemord, fem
>>for brotsverk mot menneskerettane og ei for krigsbrotsverk. Han
>>risikerer livsvarig fengsel.
>>
>>Då dei bosnia-serbiske styrkane i midten av juli 1995 tok enklaven
>>rundt Srebrenica, den gongen "verna FN-sone" i Nordaust-Bosnia,
>>blei det gjennomført fryktelege massakrar. Minst 7.574 personar,
>>alle muslimar, er meldt sakna og truleg døde. Fleire lik blei henta
>>fram frå massegravene - 1.866 er identifiserte som personar drepne
>>i, eller i nærleiken av enklaven. Men 2.575 andre var likeins offer for
>>dei same massakrane, utan at dette førebels er prova."

Du er overdriven mistenksam og ikkje lite sjølvhøgtideleg når du på
følgjande
impertinente vis forlangar svar på :

>Spørsmål
>
>Er tallene som Garvik gir i denne setningen
>
>>Fleire lik blei henta fram frå massegravene - 1.866 er identifiserte
>>som personar drepne i, eller i nærleiken av enklaven. Men 2.575
>>andre var likeins offer for dei same massakrane, utan at dette
>>førebels er prova.
>
>tatt fra Garviks egen hukommelse eller fra en fransk (eller annen) kilde
>som ikke er identisk med den som Garvik oppga (f.eks. en gammel artikkel på
>samme webadresse, eller en annen kilde)? Kunne vi i tilfelle få denne
>kilden oppgitt også? Kunne Garvik også kommentere uoverensstemmelsene
>mellom hans oversettelse og den franske teksten på det oppgitte nettstedet?

Du trur kanskje du har funne eit scoop her, Rognes, men du kan spare deg. Du
viser til ein annan artikkel med referanse til AFP/Reuters, som stod på
sidene til europeinfos.com i dag.

Du kan gjerne gjera eit poeng av at dei tala som stod i går, ikkje var med i
artikkelen i dag. Om teksten liknar går eg ut frå at det har med måten
redaksjonen i europeinfos.com og liknande redaksjonar arbeider på. Dei
klipper frå forskjellige kjelder, og varierer stoffet. At desse tala du
ikkje klarer å svelge, IKKJE står side opp og side ned kvar dag kan såleis
forklarast på mykje enklare måtar enn du gjer, Rognes.

I "spørsmålet" ditt insinuerer du nærmast at eg fer med fri fantasi, fuskar
med kjelder og ikkje kan omsetje franske tekstar...!!? Dette fortener ikkje
ein gong kommentar.

Eg har vanskar med å koma meg på www i dag, og det er ikkje mogleg å sjekke
dine kjelder, og om det du påstår stemmer, men eg gjer ikkje noko nummer av
det.... Eg finn det nokså uinteressant å debattere på eit slikt nivå.

Eg får vel elles seia at eg ikkje ser på massakrane i Srebrenica som
tema for "debatt". For meg og mange andre er det som skjedde i enklaven
rundt denne byen for fem år sidan eit symbol på noko som helst ikkje bør gå
i gløymeboka.

Det regimet som inspirerte og stod bak desse ugjerningane og tallause andre,
sit framleis ved makta i Beograd. Det er eit langt meir interessant tema for
debatt, men det har diverre ein tendens til å koma i bakgrunnen. Her på
forumet er det ein annan "fi" som skal sprikrast på veggen, og i alt det
fiksfakseriet som blir servert, er det ikkje farleg om ein plussar på
litt her, og trekk frå litt der, berre det tener "saka". Det er sjeldan eg
kallar dykk for løgnarar og propagandistar, enda det ofte er det så tydeleg
at det blir keisamt.

Har du vidare spørsmål om denne notisen eg omsette og sende, får du kontakte
europeinfos.com sjølv, Rognes. For meg er "scoopet" ditt eit ikkje-tema.

Bonsoir.

Oddmund Garvik



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:36 MET