Re: Gasskraft - her eller der?

From: Oddmund Garvik (garvik@worldonline.fr)
Date: Tue Mar 14 2000 - 15:12:35 MET


At 12:47 14/03/00 +0100, jonivar skullerud wrote:

>... eller erstatte panelovner! Å skulle bygge gasskraftverk i Norge
>for at vi skal kunne fortsette å bruke elektriske panelovner til å
>varme husene er noe av den mest monstrøse energisløsingen som tenkes
>kan. (Personlig ville jeg gjerne sett en omlegging fra elektriske
>komfyrer tilbake til gasskomfyrer, som ut fra min erfaring er langt
>bedre, og kanskje til og med fra elektrisk varmtvann til gass supplert
>med solvarme eller omvendt -- dette ville også få ned CO2-utslippene
>globalt ettersom virkningsgraden er langt bedre.)

I kråkeslottet har me teke konsekvensen av synet vårt på energispørsmåla.

Me har installert ein 17 kW vedomn med dobbel forbrenning, refrakterande
stein, og 75 % virkningsgrad (EPA/US) som primær varmekjelde om vinteren.
Eikeveden kjem frå skogar med fornuftig forvaltning og nyplanting, og det
minimale utsleppet av CO2 (2,2 g/time - EPA) blir teke opp att og
resirkulert i skogen. CO2-kontoen er altså særs positiv i vår favør.

Om vinterkveldane kokar me alle slags supper på denne omnen, som har innebygd
kokeplate. Omnen kan også levere varmt vatn til eit sentralfyringsanlegg, om
ein vil ha det.

Elles har me i alle år nytta gasskomfyr til matlaging som det store
fleirtalet her til lands, og i mange andre europeiske land. Eg ser ingen
grunn
til å endre på det.

For eit par år sidan funderte eg på å installere ein vedkomfyr, som ikkje er
ei så "gamaldags" løysing som ein skulle tru. Det finst moderne vedkomfyrar
(Godin, Waterford osb.) med høg virkningsgrad og rein forbrenning, som også
kan nyttast til produksjon av varmt sanitærvatn, og nok ein gong til
sentralvarme.

I samband med eit kollektivt innkjøp av solcelleutstyr organisert gjennom
den lokale velforeninga, har me skaffa oss ein 300 liters tank for
produksjon av varmt vatn kopla til 2x2 kvadratmeter solcellepanel med
dataregulering (på nokre få ineffektive dagar blir ein innebygd elektrisk
resistor kopla inn). Me kom rimeleg frå det, og anlegget vil vera amortisert
etter 4-5 år. Det ville vera vanvittig å oversjå denne løysinga ettersom me
bur i ei sørvend, solfull skråning, heilt i ly for nordavinden.

Vatnet kjem frå ei underjordisk elv som renn i nærleiken av ei
kalksteinsgrotte under slottet - deler av "kjellaren" er m.a.o. eit
stort basseng, (ein kan gå tørrskodd i vinkjellaren...).

For å sikre oss mot landbruks- og anna forureining, har me
installert eit reinseanlegg basert på omvend osmose. Slike anlegg hadde
tidlegare eit problem med spillvatn, dvs. "virkningsgrad". Nyare teknologi
gir anlegg med minimal "sløsing" av vatn.

Vidare finst det eit finurleg system for oppsamling av regnvatn med to store
samlebasseng (6000-7000 liter i alt). Eg arbeider no med eit prosjekt for
automatisk vatning, også basert på solcelleenergi, og styrt av ein "antikk"
berbar pc (Linux).

Det kunne ha vore interessant å studere installasjonen av eit
attvinningsanlegg for spillvatn, slik at me blei 100 % "resirkulerte". Det
er ikkje måte på moglege løysingar.

Kva er poenget med å fortelje alt dette? Jau, at energispørsmålet berre kan
løysast effektivt ved hjelp av desentraliserte, lokale løysingar. Dette blir
sjølvsagt før eller seinare eit spørsmål om samfunnsmodell.

Slike løysingar er ikkje nødvendigvis kostbare, eller kompliserte. Det er
mykje eit spørsmål om fantasi og vilje. Eg meiner venstreradikale menneske
har eit særleg ansvar i høve til dette, og bør freista skapa alternative
modellar for busetjing og levemåte.

Det passar kanskje ikkje for alle, men miljødebatten blir noko hol når
"miljøforkjemparar" t.d. køyrer bil milevis kvar dag, og nyttar
energisløsande
infrastruktur, samstundes som dei snakkar høglydt om betre energiutnytting.

Eg siktar sjølvsagt ikkje til namngitte personar, eg berre ymtar frampå om
det evige problemet som gjeld liv og lære.

Oddmund Garvik



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:35 MET