Kva vil vi med KK-forum?

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Tue Mar 14 2000 - 08:26:04 MET


I etterkant av den siste stildebatten er det grunn til å tenkje litt
over kva forumet skal vere, og kvifor vi er med der.

Motiva for å delta på KK-forum, eller for å la vere, varierer sjølvsagt.
Det kan handle om å vekkje interesse for saker ein brenn for, utbreie
meiningar, formidle kunnskapar, stille spørsmål eller drive
mentalhygiene på seg sjølv. Den siste typen innlegg har dessverre ein
tendens til å støyte bort andre deltakarar, men det må vi truleg leve
med.

Trond Andresen lanserte fredag ein måte å måle deltakarintensiteten på.
Det er jo eit artig reknestykke, men det seier lite om kor viktig eller
nyttig forumet er. (*)

Skal vi måle nytta av forumet og innlegga her nokonlunde objektivt, må
vi halde dei opp mot noko vi er samde om, nemleg formålsparagrafen
(dersom nokon er usamde i den, bør dei i det minste starte ein debatt om
det). Paragrafen finst på
http://www.itk.ntnu.no/ansatte/Andresen_Trond/kk-f/info/info-pol.html,
og lyder slik (eg har nummerert punkta):

"1. Å føre debatt og utveksle informasjon innafor den samme radikale,
men vide, redaksjonelle ramme som gjelder for avisa Klassekampen, og med
det samme mangfold av deltakere som man finner i avisa.

2. Å bidra til å skape datanettverk av radikale folk og aktivister, ikke
minst i fagbevegelsen. Aktivister vil gjennom deltaking på lista
"oppdage hverandre" (en meget viktig tilleggsfunksjon for ei
distribusjonsliste). Vi ønsker å være fødselshjelper for slikt.

3. Å øke leserkretsen til - og interessen for - avisa Klassekampen,
bidra til KKs innhold (i dette inkludert kritikk av avisa), og skaffe
avisa nye kontakter. KK vil etter behov informere om KK-F i avisa."

Å vurdere alle innlegga mot desse formåla er er ein enorm jobb, og krev
ein del vurderingar som kan vere diskutable. Eg har ikkje gjort det (har
Janne Bromseth det?), men tek likevel sjansen på nokre konklusjonar.

1. Her er forumet på sitt beste. Det har mykje debatt og informasjon om
saker som bør treffe målgruppa. Ikkje alle er interesserte i alle
sakene, men det gjeld også avislesarane. Spesielt om bombekrigen i fjor,
medrekna tida før og etter, var forumet ei viktig informasjonskjelde.
Frå tid til anna dukkar det opp diskusjonar om sosialisme, utviklinga i
Sovjet, AKP osv., og dette forumet må vere ein framifrå stad for slikt.
(Dei som vil, kan fraksjonere alt dei orkar, og dei som ikkje ønskjer å
følgje med, har full fridom til å la vere.)

2. Dette er eg i tvil om. Sjølv har eg ikkje funne noko Nei til
EU-nettverk gjennom KK-forum, men derimot nokre kontaktar for anna
arbeid. Andre deltakarar kan ha gjort andre røynsler. Eg trur ikkje
dette formålet er oppfylt i særleg grad, iallfall ikkje mot fagrørsla.

3. Auke lesarkrinsen til KK - neppe. Kritisere avisa - ja. Kor stor
nytte redaksjonen har av KK-forum, veit eg ikkje. Forumet spela ei særs
viktig rolle i prosessen fram mot redaktørskiftet, same kva ein meiner
om det som hende då.

Mange av dei viktigaste innlegga - dvs. dei som best oppfyller
formålsparagrafen - kjem etter mi meining frå fagfolk på ymse felt
(f.eks. miljørelaterte fag), og dessutan folk som er aktive i andre
politiske samanhengar eller følgjer med i utanlandsk presse m.v. Desse
folka har ofte kunnskapar og synspunkt som dei kan dele med oss andre.
Meir av dette, takk! Å inspirere faglege tillitsvalde til å skrive her,
er ei stor utfordring, ikkje minst for å oppfylle punkt 2 i
formålsparagrafen.

Korleis punkt 3 best skal oppfyllast, har kanskje nokon frå
KK-redaksjonen synspunkt på?

Lars Staurset

(*) Referansen er
http://www.itk.ntnu.no/ansatte/Andresen_Trond/kk-f/fra170100/0435.html.
TA definerer deltakarintensitet (DI) som talet på innlegg dividert med
talet på dagar og deltakarar, og kjem til at DI = 7900/(1062*170) 0,0437. Men fortel dette talet noko interessant? Sett på spissen: Dersom
alle dei 170 deltakarane skriv 10 debattstil-innlegg kvar på ein dag,
aukar DI til 9600/(1063*170)=0,0531, eit prosentpoeng opp. Blir forumet
noko betre av det? Eller hadde forumet vore dobbelt så bra dersom den
halvparten av deltakarane som sjeldan eller aldri skriv noko, hadde vore
borte, og DI dermed dobbelt så stor?



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:35 MET