Re: Kouchner: Støtte til Kosovo har "gått av moten"

From: Oddmund Garvik (tuxon@ifrance.com)
Date: Sat Feb 05 2000 - 00:05:12 MET


Humanistane i rennessansen hadde mange yrke, og mange jarn i elden.
Eg bur ikkje så langt frå staden der Francois Rabelais blei fødd, levde
og døydde. Han var både benediktinarmunk, lækjar, professor i anatomi,
prest, filosof og forfattar. Likeins Descartes t.d. - han kom også
herifrå, og blei filosof, matematikar, fysikar, og opphavet til ein
tankeretning som er levande den dag i dag.

Det var slik den gongen, men slik er det ikkje lenger - av forståelege
grunnar. Det er ikkje lett å vera oppteken av av og skrive om alt
mellom himmel og jord samstundes. Når det å skriva samstundes er eit
slags levebrød, er det ikkje lett å få tid til alt slags utanomsnakk
som ikkje ber frukter. Ein må trass i alt freista å halda liv i seg og
sine.

Eg har ingenting mot at at de interesserer dykk for og skriv om Kosovo,
Holen og Rognes. Det er ikkje det me kranglar om. Eg er fullstendig
usamd i vinklinga dykkar, og det blir noko manisk over den einsidige
terpinga på det vestlege ansvaret for stoda slik ho er blitt. Eg kan
sjølvsagt forteie dykk, men eg har inga makt til å kvele dykk. Eg er
heller ikkje ute etter det. Eg er fridom og demokrati på alle område,
og er elles berre ein deltakar som ein annan på dette forumet.

Du gjer eit nummer av at eg skulle vera sjølvsikker, Holen, men dette er
berre ei avleiingsmanøver. Eg gir meg ikkje ut for anna enn det eg er.
Eg er meg sjølv kort og godt. Men dette er heilt uinteressant.

Når det gjeld stil, er det "take it or leave it" som må vera
prinsippet. Alle har sin stil... Karsten J., Trond A., Jon M., Olav R.,
osb. Så lenge stilen er nokolunde høfleg og rimeleg, gjer det
ingenting om ein hissar seg opp av og til. Er ein usakleg, kan ein
alltid gå attende på det.

Visst har eg kjepphestar, visst tømer eg meldingar over forumet i
periodar. Men eg forlangar lite av andre. Ikkje anna enn at dei
er ærlege, og ikkje fuskar. Eg skriv om det som passar meg, og så får
andre skrive som dei vil. Eg kommenterer sjeldan stil, og om eg gjer
det, er det som regel knytt til innhaldet. Eg trur det er greie
"levereglar" som dei fleste kan leva med. Tek ein alt som blir sagt
bokstaveleg, og legg ein lista for høgt, blir det sjølvsagt vanskeleg,
for dette er eit virtuelt forum utan personleg kontakt og kjennskap.
Nok ein gong blir det "take it or leave it", "à prendre ou à laisser"...

Det er interessant at du nemner Kouchner. Ikkje berre fordi han ser
nokså annleis på det som skjedde i Kosovo enn du (og Rognes) ser ut
til å gjera, men også fordi han har vore i pressa her nede nyleg.

Du kritiserer "bombeapologetene", samtidig som du blandar inn fråsegner
frå ein av desse (Kouchner). Det er dette eg ikkje likar ved aktiviteten
dykkar, Holen (og Rognes). De skuldar andre for å vera selektive, medan
glaset singlar rundt dykk sjølve.

Dette siste stykket ditt, Holen, er eit godt døme på det. Målet er å
"vise" at vestmaktene er ansvarlege for alt elende på Balkan (og dei
fleste andre stader), og at det serbiske folket lir (no også muslimane?)
De nyttar all slags demagogi forkledd som "fakta" og truskuldige
"vitnemål". De blandar ihop kjelder, og vrir det til slik at det
passar i det store antiamerikanske måleriet.

Visst er Amerika (USA) og Europa (EU) ansvarlege for mange problem i
verda. Visst er dei vestlege landa imperialistiske. Visst søkjer dei
hegemoni. Men det finst andre makter og andre konstellasjonar. Det
finst lokale tilhøve og historiske vilkår som ikkje har lite med Vesten
å gjera. Dette stryk de lett over, og difor blir utleggjingane dykkar
så mekaniske. (Det vel gamalt nytt at eg avskyr skriftene til visse
amerikanske intellektuelle guruar - "dei alternative tenkjarane". Eg
hoppar difor over dei her.)

Kouchner klagar med rette over at det er stor avstand mellom lovnader
og røyndom i høve til Kosovo. Det skulle vera ein model for
diplomatiet i framtida, ein forløpar som hadde noko å seia. Under
Nato-intervensjonen i fjor blei det gjort store lovnader. Det var
kanskje for å dempe litt på kritikken at ein slo om seg med at alt som
ville bli gjort for å få denne i hovudsak albansktalande provinsen på
fote att etter krigen.

Bortsett frå om ein nektar å sjå realitetane i augo, ta eit faktum for
eit faktum, må ein ein gjenta ei sanning som altfor fort blei gløymt:
Intervensjonen sette ein stoppar for det aparteidregimet som serbarane
hadde innført i Kosovo; han skar av tvert ei bølgje av etnisk reinsing
som heilt sikkert hadde som mål å endre den demografiske balansen; han
stoppa ein politikk av råskap, utvikla og sett ut i livet på høgaste
statsnivå i Beograd. Dette er grundig dokumentert, seinast i to
rapportar frå OSSE (sjå t.d. Le Monde for 11. januar).

Spesialutsendingen for FN i Kosovo, Bernard Kouchner, hadde tusen
gonger rett då han i byrjinga av denne veka først i RTL-LCI-Le Monde,
seinare i Figaro, nok ein gong minte om at ein truga minoritet -
kosovoalbanarane - var redda.

Det er resten som ikkje er blitt fylgt opp. Det er alle dei vakre
lovnadene etter krigen som vestlege politikarar og byråkratar har
gravlagd. Difor kom dette (rettvise) utbrotet frå Bernard Kouchner.

Ein internasjonal styrke er på plassen, KFOR. Me store vanskar har
denne styrken greidd å avgrense mord og overgrep på ikkje-albanske
minoritetar som var att i Kosovo. Tryggleiken har blitt betrakteleg
betre. Det blir sagt at det ikkje er nok.

Medan massegraver med albanske offer framleis blir avdekka, medan
fleire tusen albanarar er blitt bortførde og framleis er haldne i
fangenskap i Serbia, forlangar ein av Kosovo i dag at det skal vera eit
idyllisk paradis av eit mellomfolkeleg og multietnisk samfunn. Dette
multietniske samfunnet har aldri eksistert.

Kouchner, som har meir greie på borgarkrig enn dei fleste, har rett då
han seier at det viktigaste målet hittil har vore å sikre den fredelege
sameksistensen mellom dei forskjellige samfunna. Men han treng snarast
råd dei forsterkingane av politistyrkar som han har blitt lova. På dette
området er den franske innanriksministeren merkeleg nok ein av dei som
trenerer dette aller mest (dvs. Chevènement er ein av "suverinstane",
ein republikkanar av det jakobinske slaget, som var kritisk til
Natoaksjonen).

Kouchner har med berre ei lita gruppe klart å stable på beina byrjinga
på ein provisorisk administrasjon. Han blir ikkje fortvila av å sjå at
det finst nokre representantar for den serbiske minoriteten i denne.
Men for å unngå at KFOR og den sivile FN-administrasjonen ikkje skal
bli sett på som ei neokolonial makt, vil han overføre meir og meir
ansvar til kosovarane. Då er det ein høyrer surringa i dei diplomatiske
korridorane: Han skal på denne måten, med tilsegn frå Washington,
førebu det uavhengige Kosovo. Dette er ein heilt urettferdig og
tåpeleg dom.

Kouchner og laget hans klarer smått om senn å gjennomføre eit umogleg
oppdrag. Dei treng først og fremst dei midla som blei lova, ikkje
bakvasking og demagogi. Dei treng heller ikkje å bli tatt til inntekt
for eit syn på denne konflikten som dei slett ikkje deler. Når du,
Holen, siterer Kouchner på den selektive måten du gjer, tykkjer eg du
er uærleg. Det er ikkje første gongen både du, Holen, og Rognes fer med
snirklete u-, eller halvsanningar. Det er dette "krangelen" vår først og
fremst handlar om i dag. Når Rognes snakkar om "Garviks (manglande)
politiske moral og (manglande) faktiske innsikt i Kosovo-krisens
historie", blir dette ein boomerang. Forskjellen på oss gjeld nettopp
dette: Politisk moral og historisk minne. Opphavet til lidingane i det
tidlegare Jugoslavia finn ein langt attende i tida, og ser ein på
historia med klåre augo, oppdagar ein fort kor ansvaret for desse
lidingane ligg. Eg kjem ikkje til å gi dykk fred med dette. Eg kjem
ikkje til å la denne meir og mindre subtile propagandaen dykkar stå
ukommentert. Slik veit de kva de har å halda dykk til.

På den andre sida er det grenser for kor mykje tid ein kan bruke på
dette. Krangelen vår endrar ingenting i Kosovo, og verda er full av
andre spørsmål å ta stilling til. Den austerrikske saka har visse
fellestrekk med den serbiske. Det er såleis ikkje underleg at ein ser
snev av tilsvarande konstellasjonar som ein såg for eit år sidan. Det
er same ulla, som bestemor mi sa.

Det som er litt meir oppløftande i Austerrike er at det faktisk finst
ein opposisjon. Det ville ha vore svært deprimerande om ein berre såg
rekkjer av austerrikarar stå og hengje på bruene over Donau, hand i
hand og med blinkar på brystet. Opposisjonen i Austerrike oppmodar i
staden folk til å kle seg i svarte sørgedrakter, bera svarte armband,
og henga svarte flagg ut av vindaugo. Dei planlegg ikkje
ettermiddagskonsertar på fotballbanar. Dei demonstrerer i staden. I
alle fall nokre av dei. Det finst sjølvsagt idiotar i Austerrike som
andre stader - slike som let seg fornærme på vegne av nasjonen, og som
tek på seg rolla som offer. Dette idiotiet må me diverre berre leva
med. Det verste av alt er at det også finst på "venstresida"...

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
Si votre email etait sur iFrance vous pourriez ecouter ce message au tel !
http://www.ifrance.com : ne laissez plus vos emails loin de vous ...
gratuit sur iFrance : emails (20 MO, POP, FAX), Agenda, Site perso



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:16 MET