Re: Haider og den gode retorikk

From: Oddmund Garvik (tuxon@ifrance.com)
Date: Thu Feb 03 2000 - 20:49:55 MET


Le jeu, 03 fév 2000, Knut Rognes a écrit :

> Haider er sikkert en stor fare. Men hvorfor er alle så ekstremt
> opptatt av ham? Noe skurrer i mine ører. Han har ikke gjort noen
> direkte eller onde handlinger ennå så vidt jeg kan se, men jeg kan
> ta feil. Men moralsk sett ligger både Vollebæk, Erik Solheim, Blair,
> Barak, Clinton, og en rekke av dem som nå skriker opp om den
> østerrikske fare, verre an.

For nokre dagar sidan insinuerte du at eg "behandler kilder etter
rasistiske kriterier". Du har i snart eit år ynka deg over lidinga til
det serbiske folket etter krigane som regimet det med stort fleirtal
valde og støtta, påførte dette same folket.

No skrik du opp mot dei som reagerer når eit parlamentarisk,
demokratisk land i Europa er i ferd med å få eit regjering der rundt
halvparten av medlemmene høyrer til eit fascistisk parti. Det skurrar
nok forskjellig i øyro til folk, Rognes, men dette forsøket ditt er
daudfødd, nok ein gong. Du har rett til å meine det du vil, men du kan
ikkje slenge rundt deg med halvsanningar som det passar. Kven er det
her på forumet som er for bombinga av Irak? Kven er det som ser på
Blair, eller Clinton som uskadelege? Kven er det som trur at Haider er
verre enn Hagen, eller vice versa? Kven er det som er for den norske
innvandringsstoppen frå 1975? Ein kan vera mot alt dette samstundes,
og meir til. Det er ikkje det som er problemet.

Du seier "Haider er en liten relativt ubetydelig politiker foreløpig,
han er fremmedfiendtlig som det heter"... er det eit ord, eller eit
stempel du ikkje likar? Tykkjer du ikkje det er problematisk at ein er
i ferd med å banalisere eit ope rasistisk parti? At desse ideane
snart kanskje blir "akseptable" på statsnivå i Europa?

Sjølvsagt finst det andre parti enn FPÖ, og dei står og trippar no:
Front National, Lega Nord, Vlaams Blok, Dansk Folkeparti, Union
Démocratique du Centre, og kvifor ikkje Frp (eg har sendt fleire
innlegg om dette i det siste) og CSU & Co i Tyskland?

Let ein som om ein ikkje ser skogen for berre tre, hamnar ein på
avvegar. Du ser berre det store amerikanske sekoiatreet, og den
engelske busken bak det, og du ser deg blind på desse, Rognes. Du seier
det har ingen hensikt å setje igang ei kampanje, "hvis målet er å
bekjempe de brune i Østerrike", men du kjem ikkje med noko alternativ.
Du fnys over dei som "oppkaster seg til dommer over Haider". Du overser
i farten at mange av desse også oppkastar seg til domarar over
tilsvarande element i verda, anten det er i Noreg, Frankrike, eller
andre stader. Du har ingenting i sekken anna enn oppblåst
"intellektuell" retorikk, og ein arroganse som du ikkje ber med særleg
stil.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
Si votre email etait sur iFrance vous pourriez ecouter ce message au tel !
http://www.ifrance.com : ne laissez plus vos emails loin de vous ...
gratuit sur iFrance : emails (20 MO, POP, FAX), Agenda, Site perso



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:16 MET