Re: Haider og EU

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Thu Feb 03 2000 - 14:08:03 MET


Oddmund Garvik wrote:
>
> Le mer, 02 fév 2000, Lars Staurset a écrit :
> > Men her er det nok andre saker på dagsordenen. Er dette det høvet
> > EU-sentralmakta har venta på til å markere at ho har "rett" til å
> > overkjøre medlemslanda, og samstundes setje eit brunstempel på
> > EU-motstanden?
>
> EU-kommisjonen har ikkje venta på noko høve til å "overkøyre"
> medlemslanda. Dette skjer kvar dag, sjølv om motstanden aukar, og
> arbeidet for å demokratisera EU grip om seg. Den aktuelle stoda i
> Austerrike har lite med dette å gjera, og det er ingenting som
> tyder på at det finst nokon "løynd" dagsorden bak eventuelle
> EU-sanksjonar mot Austerrike.
>
> Sjølvsagt kan ein spekulere i dette, og det kan hende det om nokre veker
> kjem "analysar" som freistar å få det til slik. ("Haider ved makta var
> EU sitt verk"). Det er ei lukt av "Kosovo" her.

Inngrep gjer EU-kommisjonen heile tida, som Garvik peikar på. Men her er
det noko nytt: EU som overordna statsmakt underkjenner regjeringa i ein
delstat, og skaffar seg dermed handlerom for å gjere det same ved
seinare høve. Neste gong kan det gå ut over ...tja... kanskje ei
sosialdemokratisk regjering som med folkeleg press i ryggen saboterer
pålegg frå Brussel. Ikkje i år eller neste år, men etter ein
traktatrevisjon eller to.

Eg meiner sjølvsagt ikkje at Kommisjonen på nokon måte står bak Haider,
at dei skulle ha fått han til makta for å skaffe seg påskot til å gripe
inn i eit medlemsland. Men når det dukkar opp eit høve til å flytte fram
posisjonane, er det då så unaturleg at dei grip det? At dei utnyttar
folkeleg uro over situasjonen i Austerrike i eit maktspel om endå større
saker? Dei har visst i fire månader at denne situasjonen kunne oppstå,
og har hatt god tid til å leggje planar.

Helsing Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:15 MET