Alpepopulismen

From: Oddmund Garvik (tuxon@ifrance.com)
Date: Thu Feb 03 2000 - 10:14:07 MET


Medan mange ventar på Klestil, her den dagleg kronikken ("Regards su
le monde") til Dominique Bromberger på "radioen min", France Inter:

http://www.radio-france.fr/chaines/france-inter/direct/

<<<<<<<

ALPEPOPULISMEN
3. februar 2000

La oss ikkje lure oss sjølve... Tilfellet Austerrike er ikkje eit
isolert tilfelle i Europa. Det finst sjølvsagt høgreekstreme parti som
har oppnådd ganske imponerande valresultat i fleire land... i Danmark,
Belgia og også i Frankrike.

Men det mest markante fenomenet finst i hjartet til kontinentet vårt,
på grensa til den tidlegare kommunistblokka. Den går frå nord mot sør,
gjennom Bayern, Austerrike, Sveits og Nord-Italia. Desse landa, eller
desse regionane har fleire fellestrekk: Framgang utan like i resten av
Europa, sterke band til tradisjonar, forankringa i Alpane og ei fortid
som ofte er uklår, i det minste om ein går attende til den andre
verdskrigen. I meir eller mindre seinare tid har det her oppstått
parti som livleg blandar sansen for protest mot systemet og
regjeringa med sansen for den samfunnsmessige orden. Alle maskerer sin
eigentlege identitet bak uskuldige namn.

I Bayern er C.S.U., den Kristeleg Sosiale Unionen, så lite sosial som
det går an å bli, og så konservativ som det er mogleg, utan med samla
føter å hoppe i den høgreekstreme autoritarismen. CSU har eit totalt
hegemoni i det politiske livet i delstaten, bortsett frå i München. Det
var ministerpresidenten, Edmund STOÏBER, som rådde dei austerrikske
konservative til å alliere seg med Herr Haider.

I Sveits var det eit gjennombrot ved det siste valet, så stort at det
forbausa alle, for Union Démocratique du Centre (nok eit gjengs namn)
til Christophe Blochner, flaggberar for opposisjonen mot Europa og
framandhatet. Blochner har ikkje den giftige sjarmen til Haider, men
det er ein dyktig folketalar, liksom austerrikaren, som veit å knytte
til seg folk frå forskjellige sosiale skikt i namnet til den nasjonale
identiteten. Fortida veg tungt på desse partia og desse landa, frå
Nürnberg til Anchluss, til den nokså uklåre sveitsiske nøytaliteten
under krigen.

Og til slutt, i Italia har Nord-Ligaen oppnådd ein fjerdedel av
stemmene i Lombardia, Veneto og i Friuli. Det er ei rørsle som har ei
meir usikker framtid, med ein uforutseieleg leiar, Umberto Bossi, som
forlangar sjølvstende for denne delen av landet for ikkje å finansiere
resten av Italia. Ideologien er her mindre understreka fordi det
geografiske området til partiet både ligg på Po-sletta og i fjella i
nord. På denne lista kunne ein kanskje føye til Slovenia nord i det
tidlegare Jugoslavia, heilt aust i Alpane, tidlegare provins i det
austerrikske keisarriket.

I ly av fjella sine har alle desse landa, og regionane halde på ein
sterk nasjonal identitet. Den kalde krigen sparte dei... særleg dei
nøytrale... medan endringane i samband med krigane på Balkan, plasserte
dei i hjartet av ei omvelting. Dei har teke mot langt fleire
albanarar, kosovarar og bosniarar enn Frankrike. Mellom syndene frå
fortida og sutene for framtida, utviklar dei angstreaksjoanar som kan
få ein stor del av folket i desse landa til å forlate dei demokratiske
vegane.

Jörg Haider er ikkje aleine i Europa."

>>>>>>>
 
______________________________________________________________________________
Si votre email etait sur iFrance vous pourriez ecouter ce message au tel !
http://www.ifrance.com : ne laissez plus vos emails loin de vous ...
gratuit sur iFrance : emails (20 MO, POP, FAX), Agenda, Site perso



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:15 MET