Re: Haider og EU

From: Oddmund Garvik (tuxon@ifrance.com)
Date: Thu Feb 03 2000 - 14:26:40 MET


Le jeu, 03 fév 2000, Lars Staurset a écrit :

> Inngrep gjer EU-kommisjonen heile tida, som Garvik peikar på. Men
> her er det noko nytt: EU som overordna statsmakt underkjenner
> regjeringa i ein delstat, og skaffar seg dermed handlerom for å gjere
> det same ved seinare høve. Neste gong kan det gå ut over ...tja...
> kanskje ei sosialdemokratisk regjering som med folkeleg press i
> ryggen saboterer pålegg frå Brussel. Ikkje i år eller neste år, men
> etter ein traktatrevisjon eller to.

Dette er lite sannsynleg fordi plattforma til EU nettopp er bygd på
sosialdemokratisk og eit særskilt liberal-konservativt grunnlag (de
Gaulle/Adenauer).

Den austerrikske regjeringsdanninga har elles ikkje folkeleg støtte,
for som sagt: 73% stemte IKKJE for denne koalisjonen. Ein annan ting er
at Haider kanskje ville styrke stillinga si i samband med eit nyval, og
kanskje ville koma i ein enda sterkare posisjon. Men dette veit me
lite om førebels.

> Eg meiner sjølvsagt ikkje at Kommisjonen på nokon måte står bak
> Haider, at dei skulle ha fått han til makta for å skaffe seg påskot
> til å gripe inn i eit medlemsland. Men når det dukkar opp eit høve
> l å flytte fram posisjonane, er det då så unaturleg at dei grip
> det? At dei utnyttar folkeleg uro over situasjonen i Austerrike i
> eit maktspel om endå større saker? Dei har visst i fire månader at
> denne situasjonen kunne oppstå, og har hatt god tid til å leggje
> planar.

Eg ser ikkje slike "større saker". Det institusjonane i EU balar med, er
sjølve byggjinga av eit felles europeisk system. Det finst mange
innfallsvinklar til dette, og mest like mange fraksjonar. EU er ingen
mastodont av likttenkjande maktpolitikarar. Det er langt meir nyansert,
og det er på tide at den norske EU-motstanden fåt opp augo for dette.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
Si votre email etait sur iFrance vous pourriez ecouter ce message au tel !
http://www.ifrance.com : ne laissez plus vos emails loin de vous ...
gratuit sur iFrance : emails (20 MO, POP, FAX), Agenda, Site perso



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:15 MET