RE: Folkvords innlegg i Stortinget 30/10

Lars Staurset (lars.staurset@it.statkart.no)
Mon, 4 Nov 1996 14:22:50 +-100

Jens Plahte skreiv:

>Jeg vil gjerne slaa et slag for latterliggjoering som politisk
>hersketeknikk. Her er et utdrag fra Folkvords innlegg i Stortinget om
>regjeringserklaeringa:

>---sitat----
o.s.v.

Fint at vi kan diskutere noko anna enn kultursider i dette forumet. Takk
til Plahte for å ha gjeve oss del i eit velformulert og poengfylt innlegg,
så vidt eg kan sjå etter rask skumlesing.

Men eg forstår ikkje kva Plahte meiner med den ironiske kommentaren sin.
Innlegget til Folkvord henger ikkje ut nokon; det er heilt seriøst, berre
krydra med litt danna stortingshumor. Er det noko gale i det?

Å drive gjøn med maktpersonar, f.eks. statsministrar, er det lang folkeleg
tradisjon for. Men går det an å bruke hersketeknikk utan å vere herskar?

Lars Staurset