Folkvords innlegg i Stortinget 30/10

Jens Plahte, De Facto (jplahte@sn.no)
Mon, 4 Nov 1996 13:15:39 +0100 (MET)

Til Klassekampen-forum

Jeg vil gjerne slaa et slag for latterliggjoering som politisk
hersketeknikk. Her er et utdrag fra Folkvords innlegg i Stortinget om
regjeringserklaeringa:

---sitat----

Eg har spurt med litt for blant bygningskunnige, og fått tre svar. Det er
berre tre typar hus som står på søyler i Noreg:

Det eine er ein bestemt type fuglebur - rett nok berre med ei søyle under
kvart bur.
Og så er det oljeplattformer,
og for det tredje er det politiske luftslott.

Men det å bygge hus på søyler er ikkje norsk byggeskikk. Det einaste som
liknar innanfor norsk byggeskikk, måtte vere stabbur, men dei er jo
konstruert på den måten som dei er fordi dei heilt skal unngå å ha nokon som
helst kontakt med grasrota.

-----sitat slutt-----

Innlegget er gjengitt i sin helhet nedenfor for den som er interessert.

Jens Plahte

Erling Folkvords innlegg i Stortinget 30.10.96 i debatten om
regjeringserklæringa:

Thorbjørn Jaglands hus-prosjekt er ikkje norsk -
og det finst ingen einerom der for dei som er gamle og alvorleg sjuke

Blant fagorganiserte var det mange som knytte forventningar til den nye
regjeringa, som håpa på verkelege forandringar etter at LO-sjef Yngve
Hågensen hadde hjelpt Thorbjørn Jagland med å nå fram til sjefsstolen i
Regjeringskvartalet.

For to dagar sidan snakka eg med ein kar som har betalt LO-kontingenten sin
i over 30 år, og som er tre-fire år eldre enn eg sjølv. Bergensar. Faglærd
arbeidar. Han har hatt lønna arbeid sidan han starta som bud i 12-årsalderen
og til han nå vart arbeidslaus for snart tre år sidan. Sist han søkte jobb i
faget sitt - det var i førre veka - opplevde han at bedriftseigaren heller
tok to lærlingar i staden for ein fagarbeidar. Det vart så mykje billegare
for arbeidsgivaren.

- Eg har lyst til å arbeide, sa 51-åringen.
- Eg har ikkje lyst til å legge meg sjuk, eg har ikkje lyst til å seie at eg
har vondt i ryggen, sånn at eg kan bli sjukmeld eller trygda.
- Eg går for å vere dyktig i faget mitt - sa han - men dei har ikkje bruk
for meg likevel.
- Eg vakna i dag tidleg med ein klemmande angst - fortalde han - stod opp i
6-tida, som eg alltid har gjort, men eg turte ikkje slå på lyset, for eg
ville ikkje at naboane skulle sjå at eg går heime.

Det er mange som slit med ein slik knugande angst nå. Men det er ikkje
psykiaterhjelp dei har bruk for mot denne angsten. Det dei har bruk for, er
arbeid.

Det er mange slike. Nesten 130 000 som anten er heilt arbeidslause eller går
på tiltak, som ikkje får nokon plass i Det norske hus, som Thorbjørn Jagland
skal byggje.

Karl Marx sa ein gong at mennesket er avhengig av å delta i samfunnsnyttig
arbeid kvar dag, for dagleg å gjenskape sitt eige menneskeverd. Noko
liknande står i Grunnlova sin =A7 110, som seier at styresmaktene si plikt er
å sørgje for at kvar enkelt kan livnære seg ved sitt eige arbeid. Men
dessverre er det sånn at Regjeringa på dette punktet gir blaffen både i Marx
og Grunnlova.

Dessverre har statsminister Jagland sagt klart frå - om ikkje akkurat i
regjeringserklæringa - at han står steinhardt fast på det
overklassebudsjettet som den førre regjeringa la fram for ei tid sidan.

Dessverre var det ikkje eit einast ord verken i regjeringserklæringa eller i
nokon av Jagland sine mange intervju om at han vil gjere slutt på den
skattemessige særbehandlinga og subsidieringa av kapitalistane. Thorbjørn
Jaglands kongerike skal halde fram å vere eit skatteparadis for dei rike.

Dagens Næringsliv har dessverre så altfor, altfor rett når dei oppsummerer
reaksjonane i børs- og finansmiljøet, og slår fast at det er "ingen frykt
for Jagland" i dei sirklane, ja dei går faktisk vidare og seier at det som
pregar situasjonen i børs- og finansmiljøet er at den nye statsministeren
"omfavnes av finansmiljøet". (Overskrifter i Dagens Næringsliv 24.10.96).

I den heilage skrifta står det at det er mange rom i Herrens hus. Jagland
snakka i går ikkje noko om kor mange rom det er i hans nye versjon. Men det
er i alle fall fleire enn dei arbeidslause som ikkje får plass:

Dei gamle som er svært sjuke, får nok vere under tak framleis. Men mange må
framleis klare seg med korridorplass. Eit rom aleine, heilt for seg sjølv -
eit einerom - blir det ikkje snakk om, ettersom Arbeidarpartiet til og med
har varsla omkamp i desember for å slanke kommune- og fylkesbudsjetta neste år.

Statsministeren har sjølv stadfesta offentleg at ein del av dei som skal
begynne på skolen neste år, får klare seg med brakker. I Oslo har vi
nettopp fått vite at Jaglands partifellar i Byrådet har stroke 34 skolar frå
byggelista. 28 av dei ligg tilfeldigvis på austkanten. Det blir ingen
jaglandske søylegangar der neste års 6-åringar i Groruddalen, på Vålerenga
og Lambertseter skal bli kjende med den norske skolen.

Og innvandringsstoppen står sjølvsagt ved lag. Dei som ikkje er så heldige
at dei har statsborgarskap i eit EØS-land, skal ikkje ein gong få kome
innafor døra til Det norske huset.

Den som skal finne nytt politisk innhald i denne regjeringserklæringa, må ha
sans for dei politiske nyansane som er å finne mellom linjene og i dei
innlagde tenkjepausane, slik som SVs Inge Myrvoll, som seier at det er så
flott at Regjeringa nå er utvida med ein særskild minister som skal stelle
med visjonar. - Men forfattaren som har laga regjeringserklæringa, skal
likevel ha honnør for at han har klart å stable inn svært mange av dei
sosialdemokratiske honnørorda som Regjeringa i den politiske praksisen sin
tråkkar på kvar einaste dag.

Dessutan er det tydeleg at symbolbruken nå er enda meir direkte inspirert av
Europaunionen enn det som var vanleg hos den førre statsministeren.
Thorbjørn Jagland stod her i går og snakka om det norske huset sitt, og "de
fire søylene som bærer huset." Eg har høyrd på debatten i dag at det er
svært mange som har kjøpt denne symbolbruken nærmast usett, og så har dei
kommentert byggverket. Arbeidarpartirepresentanten Brørby Larsen har
attpåtil varsla utdeling av nøklar til alle.

Men kva er det statsministeren snakkar om? Er det nokon som har sett eit
verkeleg norsk hus som står på fire søyler? Er det nokon som veit korleis
ein i så fall skal løyse problemet med skråstivinga når det blir vinterstorm
og uv=EAr?

Eg har spurt med litt for blant bygningskunnige, og fått tre svar. Det er
berre tre typar hus som står på søyler i Noreg:

Det eine er ein bestemt type fuglebur - rett nok berre med ei søyle under
kvart bur.
Og så er det oljeplattformer,
og for det tredje er det politiske luftslott.

Men det å bygge hus på søyler er ikkje norsk byggeskikk. Det einaste som
liknar innanfor norsk byggeskikk, måtte vere stabbur, men dei er jo
konstruert på den måten som dei er fordi dei heilt skal unngå å ha nokon som
helst kontakt med grasrota.
Derimot kjenner vi det politiske søyleomgrepet frå debatten om den
Maastricht-traktaten som det norske folket sa tvert nei til i ei
folkeavstemming for to år sidan. Dei fire pilarane eller søylene som
Europaunionen skal byggjast på, er som kjent:
- indre marknad
- felles utanrikspolitikk
- samarbeid på politi- og justisområdet (i praksis betyr det å bli med i
Schengensamarbeidet).

Så det som er den politiske bodskapen i Thorbjørn Jagland sin heilt
misvisande og unorske symbolbruk på dette punktet, må vere omtrent følgjande:

Han vil bygge og ommøblere så grundig at det norske huset hans skal byggjast
som eit lite anneks til det unionsbyggverket som Helmut Kohl og nokre andre
strever med å få sett opp på kontinentet. Da hjelper det nok ikkje om
Brørby Larsen og andre deler ut aldri så mange nøklar.

På Dagsrevyen om fredagen sa statsministeren at den nye Regjeringa skal
løfte dei gruppene som dei siste åra ikkje har fått sin rettmessige del av
velferdsauken. Han har ikkje snakka om kven desse gruppene er, eller kva
det vil seia å bli løfta. Derfor eit par spørsmål frå Raud Valallianse til
Arbeidarpartiet på dette punktet:

Vi meiner det er heva over all tvil at eineforsørgjarane er ei av desse
gruppene. Det er overdokumentert at dei fleste av dei høyrer til dei aller
fattigaste, så dei må vere ei av dei gruppene som Thorbjørn Jagland lover
å løfte. Spørsmålet er kva slags løft dette skal bli. Skal Thorbjørn
Jagland løfte eineforsørgjarane etter håret? Eller skal dei berre få
moralske oppfordringar om å løfte seg etter håret sjølve? Kort sagt: Er
det eit økonomisk eller eit moralsk eller moralistisk løft det er snakk om?

Raud Valallianse foreslår å auke satsane for overgangsstønad med 20 pst. frå
nyttår og betre reglane for rett til utdanningsstønad for eineforsørgjarar.
Det er eit verkeleg løft. Eg utfordrar Arbeidarpartiet til i dag å svare på
om lovnaden om å løfte eineforsørgjarane vil seie at Arbeidarpartiet har
skifta standpunkt og vil støtte dette forslaget.

Ei anna liknande gruppe er dei som er på attføring. Mange tusen av dei har
gått glipp av meir enn sin rettmessige del av velferdsauken fordi den førre
kommunalministeren den 30. september 1993 gjorde eit grunnlovsstridig vedtak
om å ta frå dei lovfesta rett til å få dekt visse hushaldsutgifter. Den
førre regjeringa tapte ei rettssak om dette i Trygderetten, men har nekta å
føreta etterbetaling. Det har ført til at fleire har måtta flytte frå både
leileghet og hus, sjølv om det dei flytta frå, var sparsame norske hus utan
søylegangar. Eg vil spørje den nye Regjeringa om dei vil syte for at denne
gruppa nå omsider får sin rett.

Sagt på ein annan måte heilt til slutt: Var dette med å løfte opp dei
gruppene som ikkje har fått sin rettmessige del av velferdsauken, berre
snakk for dagsrevypublikummet, eller skal Arbeidarpartiet nå stemme i tråd
med dagsrevylovnaden når sakene skal avgjerast i Stortinget?

Kort sagt: Har den nye Regjeringa ein sosial velferdspolitikk som blir
framført i Dagsrevyen, mens den same regjeringa og regjeringspartiet fører
ein heilt tradisjonell overklassepolitikk her i Stortinget, slik at Jaglands
rike blir verande eit skatteparadis for dei rike? Det må Arbeidarpartiet
svare tydeleg på både i Stortinget og i Dagsrevyen.