møtet_om_KK-kulturen?Reply-To: marsdal@norconnect.no

Magnus Marsdal (marsdal@mail.norconnect.no)
Thu, 31 Oct 1996 15:09:47 +0000

STUTT OG SELEKTIV RAPPORT FRÅ EIT ORDSKIFTE I OSLO

No har det altså vore debatt-møte om kultur, kritikk, Klassekampen,
med meir. Referat frå seansen kjem vel i avisa, så trengst vel ikkje
her.

Men ordskiftet går vidare, og eg har tenkt å vidarebringa noko som
vart sagt om den berømde "formålsparagrafen".

1Røssaak sa på møtet at det er mange ulike måtar å tolka paragrafen
på, og ha sa seg samd med RH, som sa at ein måte å tolka han på er at
alt som kjem på trykk skal hylla revolusjonen, medan ein annan er at
avisa òg skal vera kritisk til revolusjonen. (Ja, ja, han er flink
til å attgje andre sine standpunkt, gamle skjeggen, slikt kjem vel av
mange års røynsle som Profesjonell Journalist.) Røssaak sa og at han
"sjølvsagt" meinte at det som no går føre seg på kultursidene er
innafor føremålsparagrafen.

Så kom det interessante. Slik eg forstod det, hevda Røssaak at dersom
det er slik at store kollektiv av folk oppfattar det slik at noko at
det som går føre seg på kultursidene IKKJE er i tråd med paragrafen,
DÅ er det kanhenda eit problem, MED PARAGRAFEN. Altså: Dersom det er
slik at avisa har ein føremålsparagraf som er slik at mange meiner at
delar av kultur-dekninga er på kant med han, då er det noko gale med
paragrafen! (Her har ein verkeleg evne til å gje kritiske vurderingar
av seg sjølv og korleis ein skjøttar jobben sin!)

2 Kulturredaktør Røssaak trakk på møtet fram det med kvart kjende
"argumentet" om at det er litt rart å marknadsføra seg som
"venstresidas dagsavis" så lenge ein har ein føremålsparagraf som er
mest identisk med programma til AKP og RV. Til dette må ein stilja
nokre spørsmål:

-Har Røssaak lest desse programma?
-Kan Røssaak forklåra kva som gjer paragrafen nestan "identisk" med
desse.

-Men mest av alt: Dersom det er slik at den påståtte likskapen er eit viktig problem (vi snakkar tross alt om føremålet
til avisa, så dersom det er eit problem overhovudet, bør vel
adjektivet viktig fylgja med automatisk?), kva endringar meiner då
Røssaak vil vera tenlege? Her er paragrafen:

"Klassekampen skal drive en seriøs, kritisk journalistikk med
allsidige, politiske og økonomiske avsløringer av alle former for
utbytting, undertrykking og miljøødeleggelser, samt inspirere og bidra
til ideologisk kritikk, organisering og politisk kamp mot slike
forhold utfra et revolusjonært, sosialistisk grunnsyn."

-Er det noko som må leggjast til, eller noko som må vekk?

Slik eg ser det, må spørsmålet om å vera "venstresida" si avis i
dette ordskiftet handla om å femna dei delane av venstresida som
ikkje er erklært revolusjonære, altså reformistar i t d partiet SV.
Difor er det, slik eg ser det, eitt ord i paragrafen som peikar seg
ut, som står lagleg til for hogg dersom ein vil fjerna den slåande
likskapen med "programma til RV og AKP": Ordet "revolusjonært".

"Sosialistisk" er vel ikkje noko problem, det heiter jo Sosislistisk
Venstreparti. Eg vil eller ikkje tru at det er ord som "seriøs",
"allsidig", "avsløringer" eller "ideologisk kritikk" som gjer at
Røssaak ynskjer å "problematisera føremålsparagrafen" som RH
etter det eg hugsar formulerte det i sitt forsvar
for Røsssaak på møtet onsdag.Ein ynskjer altså svar: Er det eit
problem at paragrafen har formuleringa "revolusjonært sosialistisk
grunnsyn"? Kva er i så fall problemet, og korleis skal avisa løysa det?

kh

Magnus E Marsdal