Re: Distriktsopprop (Svein Lund)

Magnar Jarle Olsen (mjolsen@online.no)
Thu, 31 Oct 1996 14:35:23 +0100

Eg vil også slutte meg til distriktsoppropet.
Klassekampen si dekning av konflikten ved Aker Verdal illustrerar godt den elendige
distriktsprofilen avisa har, sjøl i fagforeiningssakar. For meg er dette minst like
viktig som kultursidene i avisa. Når høgreavisa Adresseavisen gir ei breiare dekning
og ei dekning som er meire vinkla ut frå arbeidsfolka sine interessar enn "klassens
eiga avis" klarer, er noko gale. For det er vel slik at det er avstanden til Oslo som
er for stor, og ikkje at det groteske angrepet på faglege rettar ikkje interesserar
Klassekampen?

Magnar Jarle Olsen
Levanger