Distriktsopprop (Svein Lund)

jon ivar skullerud (jskuller@physics.adelaide.edu.au)
Thu, 31 Oct 1996 14:58:00 +1030

Svein Lunds innlegg til forumet var sannsynligvis uleselig for
mange (de fleste?)

Her følger det, i vanlig tekst-format.

(Jeg vil forøvrig slutte meg til hovedlinjen i dette
"distriktsoppropet", selv om jeg er uenig i enkelte detaljer)

KLASSEKAMPEN - EI AVIS FOR HEILE LANDET?

Klassekampen er ei riksavis, den einaste dagsavisa for venstresida i
Noreg.

Noreg er 387000 km2. Av dette utgjør hovudstaden Oslo 454 km2, eller
vel 1 promille. På denne ørlille flekken sit Klassekampen sin heile
redaksjon med over 20 redaksjonelle medarbeidarar.

Når det gjeld abonnentar, er dei derimot spreidde frå Lindesnes til
Svalbard. Det samme er dei som gjennom 27 år har støtta avisa
gjennom økonomiske og redaksjonelle bidrag, aksjer,
kommandittistandelar og alt det som har heldt avisa i live.

Oslo er hovudstaden, men Oslo er likevel ikkje Noreg. Oslo er ein
utpost av EU, der fleirtalet tenker forskjellig frå resten av
landet. (Stort ja-fleirtal i to folkerøystingar.) Går ein bare rundt
i Oslo ser ein ikkje ka som rører seg i landet, om ein proklamerer
ser aldri så mye for distrikta og mot sentralisering. Klassekampen
propaganderer rett nok ikkje sentralisering i ord. Avisa er sjølv ein
del av sentraliseringa.

No har vi fått nok av at riksavisa vår er ei Oslo-avis. Vi rundt i
den såkalla "utkanten" treng og ei avis som følger med i ka som
skjer hos oss, som kan vere ei støtte i den kampen vi fører. Derfor
krev vi at avisa tar heile landet like alvorlig. Vi krev at
redaksjonsleiinga og avisa sitt styre prioriterer stoff frå resten av
landet i like stor grad som Oslo. Vi er 89% av befolkninga, og bør
derfor ha 89% av innanriksstoffet.

Vi foreslår at:
1. Det blir tilsett minimum 3 journalistar utafor det sentrale
Austlandsområdet. Inntil dette er oppfylt må ein prioritere å
sende
journalistar frå Oslo ut på lengre reportasjereiser i samarbeid med
avisa sine venner lokalt.
2. Avisa prioriterer å knytte til seg frilansjournalistar og
korrespondentar rundt om i landet. Det arrangeras kurs/konferanse for
distriktskorrespondentar.
3. Nynorskandelen av avisa aukas.
4. Klassekampen lagar ei fast spalte på samisk f.eks. ein gong for
veka, evt. med omsetting til norsk.

Tor Berg Tromsø
Kato Johansen Alta
Ragnhild Sandøy "
Vigdis Korsnes "
Bjørn Eide "
Guri Skum Guovdageaidnu
Aud Karin Bjørn "
Heaika Skum "
Eli Berg "
Svein Lund "
K. Sivarajah "
Magnar Mikkelsen Lebesby
Jon-Arne Jørstad "
Kjell E. Pedersen Harstad
Jens Ingvald Olsen "
Frode Bygdnes "
Gudmund A.Dalsbø "
Anne Marie Aag "
Kari Torgersen "
Magnus Bernhardsen Oslo
Ulla Mikkelsen Vågan

-- 
    ______        _________________________________________________
   /             ø                                                 ø
   ø jon         ø  jon ivar skullerud                             ø
   Ø______       ø  jskuller@physics.adelaide.edu.au               ø
          Ø      ø  http://www.physics.adelaide.edu.au/~jskuller/  ø
     ivar ø      ø  http://www.ph.ed.ac.uk/~jonivar/               ø
   _______/      ø_________________________________________________ø