kultur-innlegg

Magnus Marsdal (marsdal@mail.norconnect.no)
Tue, 22 Oct 1996 17:10:11 +0000

KAMPEN MOT DEI EINAUGDE

Ein får ofte inntrykk av at det er ei gjengs oppfatning at den
radikale rørsla på 70-talet (som brukast som synonym for AKP(ml) med
venar) var veldig trongsynt og einspora. Ein ser ein flik av dette
synet hjå kulturredaktør Røssaak, som skreiv I Fokus 08.10: "Poenget
vårt er Æ...Å å ta inn over oss problematikker som også ligger utenfor
70-tallsradikalismens vante saker." Kritikarane av kultursidene blir
av Røssaak omtalte som "enøyde 70-tallsradikalere" og som
bakstreverske.
Sjølv høyrer eg til kjernetroppen av kulturside-kritikarar, eg brakte
sitata frå Höderlin- og Kristeva-artiklane inn på KK-Forum, og
debatten tok av derfrå. Eg er 22 år, har aldri vore med i AKP, og
mange av mine jamnaldringar, revolusjære og andre radikalarar, har
nett det same synet som meg på at det finst mykje jåleri og lite
revolusjonært på kultursidene. Med andre ord: Eg ser på stemplinga av
dei "enøyde" som eit patetisk og billig triks. Eg er ikkje usamd i at
det fantest dogmatisme og til tider eit noko standarisert
"perspektiv" på ting i ml-rørsla, fyrst og framst knytt til
pliktlaup-forsvar av Kina og Stalin-regimet. Men no er det ikkje
berre "perspektiv" Røssaak skriv om, han skriv om at det ein ynskjer
å ta opp emner "som også ligger utenfor 70-tallsradikalismens vante
saker". Dette er i seg sjølv heilt fint, MEN: Det kan sjå ut som om
Røssaak meiner dei sakene AKP var og er opptatt av er utdebatterte
emner som har prega det offentlege ordskiftet så lenge og så mykje at
han som kan bringa heilt ANDRE emner til debatt-torget, er han som
kan frelsa oss alle frå å bli passé og bakstreverske. Skal ein sjå
dette spørsmålet politisk, og det skal ein, er det opplagt at det
finst aktørar i klassekampen som er tente med ei slik framstilling,
og dei høyrer ikkje til det arbeidande folket. For kva for emner er
det SUF, AKP m.fl. sette på dagsorden? Det var anti-imperialisme,
kritikk av sosialimperialismen, ei marxistisk analyse av
klassetilhøva i Noreg, politisering av fagleg kamp, avsløring av
sosialdemokratiet, avsløring av overklassen sitt svik under 2.
verdskrigen, alliansen mellom studentar og fagrørsle, mellom
studentar og distriktsnoreg, kamp for kvinnefrigjering og ikkje
likestilling, eit kvinneopprør mot den patriarkalske marxismen,
påstanden om at det arbeidande folket er drivkrafta i historia,
kritikk av borgarleg kultur, kamp for den kulturelle sjølvtilliten
til distriktsnoreg, analysa av at "dei intellektuelle" fungerer
innanfor og som ein del av klassekampen og ikkje har eit eiget "rom"
kor klassekamp ikkje finst. Med meir... Det desse sakene i stor mon
har til felles er at dei IKKJE står på dagsorden. Det er ein kamp og
eit slit å få desse tinga opp til debatt, det borgarlege hegmoniet
stemplar dei fleste slike spørsmål som uinteressante, ekstremistiske,
passé, terroristiske, eller utopistiske, alt etter kva som høver
best. Ofte blir ikkje standpunktet stempla ei gong, det er rett og
slett usynleg. Mellom anna difor var det naudsynt for den
revolusjonæra rørsla å starta eiga avis. Sidan KK vart dagsavis, har
dei organisatoriske og ideologiske tilhøva på den røynlege
venstresida (altså ikkje inkludert Erik Solheim og hans tilhengjarar)
endra seg. Den kraftige svekkjinga av AKPs arbeidskraft og
samanbrotet i marxismen-leninismen-mao-tse-tungs-tenkjing som
"universalteori" er mellom dei største endringane. "Lausrivinga" av
KK har samanheng med desse. Men dei spørsmåla ml-rørsla reiste, som
gjorde avisa Klassekampen naudsynt, har ikkje endra seg! I Noreg og
EU er åtaka ovanfrå hardare og klassekampen på mange område skjerpa
no samanlikna med 70-talet. Trongen for utviklinga av revolusjonær,
marxistisk politikk og teori er ikkje mindre i dag enn før, tvert om.
Trongen for reising av kulturell sjølvtillit hjå dei undertrykte og
kamp mot Erasmus Montanusar som foraktar det folkelege er ikkje
forsvunnen, det er berre slik at det politiske medvitet på dette
området i dag er noko attendeståande hjå einskilde medarbeidarar i
Klassekampen. Slik er det altså. Spørsmåla står der framleis, den
politiske, ideologiske og økonomiske kampen rassar framleis, og det
framleis slik at politisk standpunkt og politisk medvit hjå
redaktørar i Klassekampen er avgjerande for korvidt avisa kan tena
kampen for frigjering av arbeidarar og undertrykte i alle land. Og
slik har det seg at folk som eg, som aldri har vore med i AKP, ser
det som viktig å kritisera kultursidene i Klassekampen. Ikkje Røssaak
personleg, den galne utviklinga starta lenge før Røssaak. Og ikkje på
vegner av Partiet, som eg altså heilt medvite har valt å ikkje vera
med i, likeeins som Røssaak. Men fordi eg meiner dei
intellektualistiske og poserande artiklane ikkje tener kampen for
frigjering, tvert i mot. Og fordi eg trur ei "praktisk" lausriving
frå eit revolusjonært program vil vera døydeleg for avisa
Klassekampen, reint avismessig. For det er vel ingen som trur at det
er dei "postmoderne" delane av kultursidene i seg sjølv som gjer at
KK har livsrom i avis-Noreg? Så får eg høyra at eg er "ute i større
ærend", av Roald Helgheim, via Arbeiderbladet. Eg foreslår at
Helgheim kuttar ut tåkepraten og seier rett ut kva dette ærendet er.
Det kan i alle høve ikkje vera eit ærend knytt til å skaffa AKP meir
kontroll. Anders Ekeland og Trond Andresen, to stk. primus motor bak
kritikken av kultursidene, er kanhenda dei to einaste aktivistane på
venstresida som overgår Helgheim sjølv i anti-AKP-isme! Å
mistenkjeleggjera kritikaranes motiv er ein råtten teknikk, og ikkje
akseptabel i eit viktig ordskifte dersom ein ikkje har gode argument
attom antydingane. Difor bør Helgheim svara på dette: Kva større
ærend er det vi er ute i, og kva er evt. gale med dette ærendet?

Magnus Engen Marsdal