FW: From Roald Helgheim

Audun Haaland (audunhaa@idgonline.no)
Tue, 22 Oct 1996 16:49:16 +0200

Fra Roald Helgheim:

Melding til KK-forum om min ståstad i kulturdebatten

Ettersom ein del underskrivarar av KK-oppropet har prøvd å omfamne meg i
debatten vil eg gjerne gjere det klart at eg ser på den pågåande kampanjen
mot KK generelt og kultursidene spesielt som ein reaksjonær kampanje. Ikkje
slik å forstå at det ikkje finst sanningskorn i kritikken. Ikkje så at eg
benektar at eit par artiklar har ført ein type kvasi-intellektuelt språk som
eg som journalist har vore med på å bekjempe. Dette er diskusjonar vi heile
tida har gåande i kritikken av avisa. Men med utgangsunkt i tre no
legendariske sitat som har vore trekt fram tusen og ein gonger i debatten
har dette utvikla seg til eit altomfattande åtak. Det tykkjest no fritt fram
å proklamere at aldri har eg lese kultursidene i KK og ikkje kjem eg til å
gjere det heller, men fy faen.

Difor sa eg til Arbeiderbladet 18. oktober at dette er eit opprop i eit
anna ærend, fordi det alltid har vore ein antiintellektuell straum i deler
av venstresida. Jazzen var eit dårleg valt døme, for det var ein kritikk eg
aldri tok alvorleg. Men eg veit ikkje kor mange kk-konferansar eg har vore
med på gjennom åra der folk frå det som skulle vere eit framskredent
politisk miljø har kunngjort at dei skjønar ikkje vitsen med kultur i det
heile tatt i ei avis av KKs type. At det er kritikk av den mest vulgære
typen vi har å gjere med også i dette tilfellet, blir bekrefta av det andre
punktet i oppropet, der det står at også feature-stoffet er "for mye preget
av journalistiske fiksfakserier". Anders Ekeland utdjupa det i avisa til ein
viss type kunstneriske billedreportasjar. Altså kunstneriske uttrykk som
ikkje er uforståelege, men som ikkje eksplisitt har eit politisk siktemål,
står på venstresidas grunn så å seie.

Denne kulturfientlege handlinga som har tatt seg ulike former, som dekkjer
seg bak ulike frontfigurar, og som no også har ført til ein bemerkelseverdig
uheilag politisk allianse, ifører seg også nye frakkar. Den moteriktige
frakken no heiter AVISAS FORMÅLSPARAGRAF, tolka slik av opproparane: "Vi er
også av den oppfatning at avisa på mange andre områder er mer preget av
'journalismen' enn av vilje til å være et redskap for venstresida".

Den vulgære hetsen mot "journalismen" er like gamal som KK, alltid brukt
mot den som ikkje er mikrofonstativ for den rådande politikk. Før var det
AKP, no er det "venstresida". Etter min målestokk er det ikkje revolusjært
i det heile tatt, dersom det å oppfylle ein revolusjonær formålsparagraf
betyr å ikkje vere kritisk til eller skape debatt (jfr hysteriet frå ein del
debattantar i dette forum etter utdraget frå Furets bok).

For det finst også ein "revolusjonær" retorikk som unngår kritikk fordi han
er "revolusjonær" i forma, endå han er tom i innhald. Det er den som kjem
til uttrykk i kronikkar av typen "Revolusjonen etter OL" (KK 1. oktober),
som er ei dårleg sommarleirinnleiing som oppkøyring til den nylege
strategikonferansen i AKP (NB! Det var sløvt av redaksjonen å setje han på
trykk). Forfattaren er ikkje med på oppropet, men det er eit relevant døme
på ein type tom retorikk som passerer tankepolitiets nålauge berre fordi han
er "revolusjonær" i forma.

Dette er mi oppfatning av oppropet som politisk heilskap. Ulike
underskrivarar vil sikkert vektleggje saker og ting ulikt, og har støtta det
på ulikt grunnlag. Til Arbeiderbladet sa eg at det sjølvsagt er framifrå at
denne debatten kjem opp, men den delen kom ikkje på trykk. Til Solveig
Mikkelsen (KK 17. oktober) vil eg replisere av Arne Skouen har eg lært at
han vart journalist fordi han sjølv hadde noko på hjartet, og nekta å danse
etter politikarane si pipe. Det er ei grunnhaldning eg sluttar meg til, og
som eg aktar å halde fast ved.

PS: Eg ser at P. Steigan er hårsår etter siste vekes topplassering på TFs
nidstong. TF har i alle år vore dårleg likt av dei politiske komissærane,
men den som har følgt med veit at oppropet mot den tekniske
samarbeidspartner KK har fått ei balansert handsaming, i pakt med
TF-redaksjonens djupt demokratiske sinnelag. Såleis ville det også ha vore
mest fair å plassere heile oppropet på topp, i staden for å gje berre ein
person den ære.

Med revolusjonær helsing
ROALD HELGHEIM