Trekker meg frå oppropet

Lars Staurset (lars.staurset@it.statkart.no)
Fri, 18 Oct 1996 13:34:39 +-100

Debatten om kultursidene i KK, og oppropet for/mot dei, har fått ein tone
som gjer at eg ikkje vil stå som underskrivar lenger. Eg trur debatten, og
avisa, er best tente med at alle partar dempar seg litt.

Alle aviser og blad eg les, har ein del stoff som ikkje interesserer meg, og
det blar eg forbi. Slik er det også med kultursidene i KK. Om dette stoffet
kan glede andre lesarar, så er det greitt for meg.

Noko slikt skreiv eg då den første versjonen av oppropet kom i KKF.
Samstundes foreslo eg nokre forbetringar i teksten. Det vart vel oppfatta
som støtte til innhaldet, og namnet mitt kom med på lista. Eg let det stå,
sidan eg også hadde ein del sans for argumentasjonen i oppropet, men innser
no at det var ein tabbe.

I staden vil eg støtte det som Torgny Hasås skreiv i KKF i går. KK
presenterer seg på Internett som "venstresidas dagsavis", og bør prøve å bli
eit endå betre verkty for venstresida. Redaksjonen treng sikkert meir
ressursar, men bør også sjå kritisk på den måten dei bruker ressursane på. I
oppropet og debatten har det kome fram ein del eksempel, ikkje berre på
"kvasi-intellektuell tåketale", men på stoff som ikkje forsvarar plassen
sin i KK. Eg ber ikkje om sensur, men om ei betre redaksjonell prioritering.

Lars Staurset