Kulturprofilen i Klassekampen

Finn Sindre Eliassen (finn@alesund.fylkesbibl.no)
Fri, 18 Oct 1996 12:48:06 +0100 (MET)

Det kan ikkje rå særleg tvil om at mykje av kulturstoffet
i Klassekampen er dårleg. Men det er feil å leggje så stor vekt
på bruken av framandord som enkelte debattantar gjer. Hovudproblemet
er eit anna.

At mykje av stoffet er ufolkeleg er greitt å sjå. Men det er
heller ikkje borgarleg på ein interessant måte.

Eg har lenge irritert meg over alt det oppstylta stoffet på kultursidene.
Likevel, alvoret i situasjonen har ikkje gått for meg før kulturredaktør
Røssaak opna munnen. Han trur at motstanden mot kultursidene
botnar i "hat til intellektuelt resonnement". Det er ikkje slik.
Tvert om.

Eg er for kulturstoff som lærer meg noko om samfunnet og menneska.
Eg er for intellektuelt resonnement. Nærare vil eg ikkje presisere det
no. Og det eg er i mot er den type kulturstoff som eg lærde meg å
gjennomskode for 25 år sidan. Jålete og privat. Prega av manglande
interesse for menneske.

Det som sterkast pregar slikt stoff er den underliggande forakten for
arbeid. Og for folk som arbeider.

Det sjokkerer meg at Røssaak kan seie noko slikt.

Elles nemner eg at eg ikkje har skrive under oppropet.
Eg likar ikkje den tonen som er i oppropet sjølv om
mykje er rett. For å seie det som det er, eg vil ikkje
ha noko med Trond Andresens initiativ å gjere. Hadde andre folk
stått bak og oppropet fått ei anna form, veit eg at svært
mange fleire hadde skrive under.

Når det gjeld Helgheim si utsegn om at opproparane er ute i større
ærend, så trur eg han har rett når det gjeld Trond Andresen, men
heilt sikkert ikkje når det gjeld fleirtalet av dei andre.

Eg vonar den fornuftige og gode journalisten Helgheim lyttar på
Harald Minken, W. Blomberg eller P. Steigan i denne debatten. Ikkje
Røssaak iallfall.

Finn Sindre Eliassen