kultur-redaktøren

Magnus Marsdal (marsdal@prefect.norconnect.no)
Sat, 12 Oct 1996 21:26:50 +0000

Ei lita mistyding.

Kulturredaktør Røssaak og andre oppfattar kritikken av kultursidene
som ein "kampanje" eller noko slikt retta mot redaktøren sjølv. Dette
trur eg er ei mistyding som bør klårast opp. Den "profilen" som mange
kritiserer var godt utvikla lenge før Røssaak kom til avisa, eg
oppfattar det ikkje slik at han representerer noko brot i utviklinga,
på dei områda som no er oppe til debatt. Såleis er det ikkje
redaktøren ein er "ute etter", men ei vedvarande utvikling. Det er
heller ikkje slik at innlegga sendt til KK-forum har inneheldt
person-kritikk av Røssaak, med eitt unnatak.

Kvifor er det likevel slik at denne kritikken og oppropet om kultursidene kjem no, ganske
kort tid etter at Røssaak vart tilsett? Fyrst og framst på grunn av
KK-forum, som har ført til at folk har oppdaga at dei ikkje er åleina
om å meina t.d. at stoff på kutursidene er for lite popularisert og
ikkje høyrer heime i ei dagsavis. Dernest trur eg òg at det *har*
noko med Røssaak å gjera, på det viset at nokre har sett tilsetjinga
av ein ny redaktør som eit høve til å starta eit ordskifte og koma i
dialog om utviklinga.

Ordskiftet er i gong, dialogen har fått ein
meir trang fødsel. Det er vel eit stykke unna konstruktivt å stempla
ein 22 år gamal fyr som meg, som både likar moderne jazz og har høyrd
om Bordieu, som bakstrevarsk 70-tals ml-ar og ein representant for
den "generelle norske (!) anti-intelektualismen"? Eller hur?

Magnus E Marsdal