Pornoordskifte

Raud Ungdom (ru@interlink.no)
Tue, 24 Sep 1996 14:21:18 +0100

Dette er eit innlegg skrivd til PKK.

Den 20. august hadde eg ein kronikk i KK som kritiserte ein del av det
ordskiftet som lenge har gått føre seg i avisa. Motdebattantane som har
fulgt har unekteleg vore meir opptekne av form og mål enn innhald i
kronikken min, ja den har til og med vorte gjenstand for eit etymologisk
studie(Steffen Borge 27.08) Eg er tilbøyeleg til å vere samd i mykje av
kritikken av ordval, men står jamvel fast ved innhaldet.Det høyrer med til
historia at kronikken opphaveleg var tufta på ei anarkistisk avis,Giljotin
og at mål og form er farga av dette.
I si etymologiske studie av kronikken min retta Borge kritikk mot tolkinga
mi av ordet pornografi;
"Setninger og ords betydning er en konsekvens av hva brukerne gjør med dem,
hvilke betydninger brukerne legger i dem"- Dette har nok Borge rett i, og
han er og vonleg innforstått med at det til ei kvar tid i eit samfunnet går
føre seg politiske kampar om ord, og om kva for eit innhald dei skal ha. Eg
definerer pornografi som seksuelt materiale som verkar undertrykkjande på
kvinnfolk ,ikkje avdi ein eller annan språkforskar har fortald meg dette,
men avdi det er nett slik røynda syner at pornoen verkar-undertrykkjande og
utbyttande.
Kjellberg(28.08.) kallar min definisjon av porno for fundamentalistisk og
ser seg naudt til å spele rolla som klårgjerar i ordskiftet . Ho kan nemleg
ikkje skjøne kvifor eg ikkje kan nytte den almenne definisjonen av porno
som ho finn i leksikonet sitt. " I følge mitt leksikon er pornografi
utuktige skrifter, bilder el. film som tar sikte på å være seksuelt
opphissende". For det første er eg av den oppfattinga at det som er alment
ikkje naudsynlegvis er rett, og for det andre vert eg freista til å spørre
Kjellberg om kva for ein definisjon ho trur kvinnekampen tener på at vinn
fram? Ein definsjon som underbyggjer det puritanistane lenge har hevda,
nemleg at porno er utuktig? Ein definisjon som fører til at pornobaronane
framleis kan spele rolla som dyneløftarar? Eller ein definisjon som tek
utgangspunkt i den faktiske røynda og som seier at porno er seksuelt
materiale som er undertrykkande for kvinnfolk?
Men det er jamvel ikkje definsjonar av ord som burde spele den viktigaste
rolla i dette ordskiftet:
I kronikken min retta eg kritikk mot den nye trenden som Wenche Muhleisen
og Ingrid Brekke har gått i spissen for, ein trend som kan oppsummerast
slik; 1)Kravet om aksept for "snill" porno.2) Kvinner bør lage sin eigen
porno 3) Pornografi er ikkje røynd, men ein sjanger på lik line med andre
sjangrar i litteraturen 4)Retten til å kunne ordskiftast og nyte porno
utan å tenke på konsekvensane av pornoen.

Både Brekke og Myhleisen har tidlegare gått ut i KK og oppfordra unge
jenter til å lage feministisk pornografi, som eit alternativ til den
noverande pornografien. Med utgangspunktet til Muhleisen ferskt i minne "
.Skjønnhet, seksualitet og makt kan ikke demokratiseres. Seksualitet lar
seg ikke redusere til å være pen,pyntelig og rettferdig" kan ein jo undre
seg om det Muhleisen etterlyser verkeleg er so alternativt.
Brekke har jo òg vore frampå som forsvarar av daglegvareporno som
Cupido,Lek og Playboy, og argumentert på bakgrunn av at unge jenter har
trong for å "forholde seg til sex, til egne behov og fantasier" Ikkje veit
eg sist Brekke opna eitt av desse blada som ho kategoriserer som "snille",
men sist eg såg i eitt fann eg mellom anna dette; "Når Mattis kommer er jeg
alltid kledd i et aller annet småpikeaktig, det tenner oss begge. Gjerne
korte skjørt og rød strømpebukse....Jo mer motstand jeg gjør, desto
sterkere blir Mattis.... Jeg elsker småjenter, jo mindre, desto bedre, jeg
skal vide ut den trange fitta di, lære deg kunsten å knulle!" "Når jeg
runket , var alltid horehusene i Østen min fantasis Mekka. Unge,villige
piker man bare trengte å knipse på. De var så kåte at det sto en sjøsprøyt
av de små brønnene deres" (Lek 9/96)
Då eg slo opp bak i bladet fann eg "Lek SHOP-Kongerikets beste i
sexleketøy" Frå Lek SHOP kunne eg lese at for kr 1298,- kan eg få kjøpe "en
virkelig dame, med vibrerende anus og trinnløs speed på alle hull.Hun har
tre deilige hull,ekstra tykk vinyl , dette er damen som må oppleves"
Eg har vanskeleg for å tru at det er glorifisering av incest, idealisering
av prostitusjon og ei framstilling av kvinner som vinylhull Brekke meiner
vi unge jenter har trong for å forhalde oss til. Like fast er dette
innhaldet i desse blada, dei speler vidare på forestillinga om at jenter
liker å bli tatt med makt og at incest eigentleg berre er ein erotisk
ressurs.
Både Muhleisen og Brekke stemplar oss antipornoaktivistar for å sjå ting
svart/kvitt. Som Brekke seier det i KK 6/5 " Det må gå an å nyansere og
konsentrere kampen om det som er mest alvorlig"
Det Brekke tydelegvis ikkje ser er at det finst ein samanheng mellom dei
blada ho finn i hyllene på Narvesen og det ho ser på som "mest alvorleg"
Gjennom at nett pornoblad som Lek stendig vert meir og meir valdelege
,idealiserer prostitusjon, reklamerer for sex-reiser og for pornofilmar med
titler som"I did it with my girlfriends father" skaper daglegvarepornoen
marknad for prostitusjon og hårdare porno.
"Men de (pornoaktivistane) bør også føle et ansvar for å snakke om hva
seksualitet er , til å skape et positivt rom rundt sex der kvinner og menn
kan slippe skam og skyld" Vess eit slikt "positivt rom"skal oppnås gjennom
at unge jenter skal bidra til utbyttinga gjennom å stø opp om pornoen er
dettte ein reaksjonær strategi som eg på det sterkaste vil avvise. Ein kan
ikkje basere ein strategi for frigjering av kvinnfolk på
undertrykking.Dessutan vil ikkje ein kamp for eit "positivt rom" utan
skam og skuld vere tent med å ta utgangspunkt i stønad til ein porno som
marknadsfører seg nett på "frekke bilder" og "syndige piker". Ein må
heller gjere unge jenter og gutar merksame på løgnene pornoen sprer, og
mobilisere til kamp mot all porno og seksuell undertrykking. Soleis bidrar
ein til at det "positive rommet" vert større, og soleis bidrar ein til at
folk kan få definere seg sjølve seksuelt.
Skal ein først ordskiftast om alternative seksuelle framstillinger som kan
ta frå pornobaronane monopolet må det vere om alternativ som syner kvinner
og menn som heile menneske og seksualitet som det det egentleg er; noko
fint og særeige som skjer mellom to personar. Ein kan ikkje berre gjere
som Brekke; trekke fram mjukpornoen og kalle den alternativ med argument
om at det finnes værre ting.
"Men det må da gå an å diskutere pornografi uten å snakke om ofrene for en
hensynsløs industri " skriv Brekke. Dette er sjølvsagt mogleg, men når ein
ser på den aukande sexifisiseringa i samfunnet, utviklinga i
daglegvarepornoen,utbyttinga av kvinnfolk verda over må ein jo stille
spørsmål ved om dette er ein innfallsvinkel frigjeringa er tent med
Vess målet er frigjering for undertrykte kvinner verda over, må ein
ordskiftast om ein strategi som femnar om desse og som leier til målet.
Vess ein ikkje gjer det får ein utelukkande eit ordskifte om nokre få og
som resulterer i ein strategi for frigjering av nokre få. Eit slikt
ordskifte kan kanhende vere interessant , men særskildt feministisk er det
ikkje.

Wenche With

Jentepolitisk
ansvarleg i Raud
Ungdom