RE:_Den_politiske_strømkrisa

Lars Staurset (lars.staurset@it.statkart.no)
Tue, 24 Sep 1996 15:11:14 +-200

>From: Anders EkelandÆSMTP:andersek@sn.noÅ
>Sent: 24. september 1996 15:31
>To: klassekampen-forum@interlink.no
>Subject: RE: Den politiske strømkrisaDate: Mon, 23 Sep 1996 10:31:55 +-200

>>Poenget her er jo at det gamle systemet, sjølv om det hadde nokre
>>skavankar, fungerte mykje betre for folk flest enn det nye! Altså er
>>(var?) det muleg å ha eit brukbart system også under kapitalismen,
>>utan å vente på Den Store Sosialistiske Revolusjonen med
>>Nasjonalisering Og Planøkonomi.

>Her er vi enige, mitt poeng er nettopp at det gamle systemet hadde elementer
>av planøkonomi som er vel verdt å forsvare. Men det er for daft å kalle
>dette bare for "politisk styring" - i og for seg er jo den nye energiloven
>et resultat av politisk styring - man har politisk valgt å ikke styre.
>Derfor er det ikke nok å snakke om "politisk styring", man må tørre å snakke
>om nasjonalisering, og om planøkonomi. Siden folk kjenner det gamle systemet
>- vil de nettopp skjønne hvor vi vil hen. Skal vi ikke bruke slike
>anledninger til å levendegjøre for folk hva vi mener med planøkonomi.

1. Vi er visst samde om at det gamle systemet var verdt å forsvare. Om vi
skal kalle det "planøkonomi", kjem an på om dette faguttrykket er
dekkande, og om det er taktisk klokt å bruke det. Sjølv er eg i tvil om
begge delar.

2. Å komme tilbake til eit system som liknar på det gamle, blir ikkje lett,
men å gjennomføre planøkonomi i stor stil, er det endå lenger fram til.
Men for all del, kan vi bruke det eine til å argumentere for det andre,
så...

3. Kan vi lære noko av energimarknaden som vi kan bruke i andre
samanhengar? Ja, vi må sjå på den EU-tilpassinga og generelle
marknadstilpassinga som går for seg overalt. Schengen og mat/helse er
kjende eksempel. Ta ellers skogbrukarane, som ikkje lenger får lov
til å gjere samordna prisavtalar. Ta alkoholpolitikken, som blir
liberalisert steg for steg. Ta forsvarspolitikken, der Noreg no sender
soldatar til Tyrkia!!!!!

Det er så mykje å ta fatt i at vi kan miste pusten, og det er sikkert
også meininga. Men det er lettare å stoppe desse sakene no enn å
reversere dei om nokre år, når vedtaka er gjort og nye ordningar har
festa seg. Hadde vi greidd å lage rabalder om energilova i 1990, så
hadde vi hatt ein annan situasjon i 1996. No må vi konsentrere oss om
dei slaga som vi ikkje har tapt enno!

Lars Staurset