Meir om straumkrisa

Lars Staurset (lars.staurset@it.statkart.no)
Tue, 24 Sep 1996 09:27:30 +-200

Straumkrisa har ei side til, som heller ikkje RV-landsstyremøtet har fått
med seg. Det gjeld beredskap og leveringssikkerheit.

Sjølv har eg ikkje greie på dette, men for ei tid sidan hadde eg ein liten
prat med ein person frå det lokale e-verket. No kastar eg ut ein tråd, og
håpar at RV, SV, KK eller andre kan gripe han og gjere ei sak av det.

Etter nyttårsorkanen i 1992 var delar av Møre og Romsdal (spesielt
Kristiansund) utan straum i dagevis, p.g.a. vindfall og andre skadar på
linjene. Folk frå e-verka jobba natt og dag, og greidde etter kvart å få
kontroll over situasjonen.

No har ikkje e-verka ansvar for slikt lenger. Dei har skore ned på
utgiftene til linjedrifta, dvs. på bemanninga og servicenivået. Dersom ein
abonnent misser straumen, så må han/ho finne seg i å vente til dei får tid
til å rette feilen. "Kva om det blir ein ny orkan," spurde eg. "Tja, det er
ikkje vårt ansvar."

Kven sitt ansvar det ellers er? Eg trur neppe at Stoltenberg stiller opp
med knipetong og motorsag. Men vil han (eller andre) betale nokon for å
gjere det?

Lars Staurset