Re:Ekeland porno

Roed Valgallianse (ru@melvin.hiof.no)
Fri, 06 Sep 1996 13:55:37 +0200

Takk for innlegg, Andy.

Eg er samd i at ein sjølvkritikk frå WW er på sin plass, og etter det eg høyrer er den på veg. (Eg kan dessutan avsløra noko hemmeleg:
Kronikken til WW var opphaveleg prenta i anarkist-avisa Giljotin i Trondheim, og var eit åtak på Feminists Against Censorship og andre
motstandarar som er langt meir rabiate enn pornoliberalistane i KK. Både publikum og motstandar var altså heilt ulike det som er tilfelle i KK
sin porr-debatt. Dette forklårer (ikkje forsvarer) dei retoriske overtrampa.)

Nett no har eg ikkje tid til å laga eit skikkeleg svar på dei tinga Ekeland tek opp om bilder og tekst om sex som ikke er undertrykkende, og
slikt. Eg har berreeitt retorisk poeng som eg meiner er viktig nok (og som seier noko om grunnleggjande perspektiv i porr-debatten) til at eg
serverer det frittståande.

Ekeland skriv:

MM og WW splitter den breie fronten mot den virkelig grove pornoen, som er produsert på kriminell måte, ved å gå til felts mot Cupido.

Eg skriv:

Anders Ekeland splittar fronten mot den verkeleg ummenskelege kapitalismen med barnearbeid og faenskap i 3. verda, ved å gå til felts mot
velferdskapitalismen og sosialdemokratiet i Noreg.

(Dette meiner eg er ei faktisk eksisterande line på den reformistiske venstresida. Denne typen "taktiske" argument meiner eg ofte kjem i
situasjonar kor vi eigentleg er usamde om langt meir enn "taktikk", men ikkje har kome til kjerna i spørsmålet enno. Samstundes: Eg veit at
motseiingar med fienden ikkje direkte kan nyttast som analogiar til motseiingar i folket, så det poenget snyt eg Ekeland for med ein gong.)