FW: Lange avsnitt/korte linjer, eller Exchange vs. Netscape?

Lars Staurset (lars.staurset@it.statkart.no)
Tue, 16 Jul 1996 11:32:23 +-200

Sender dette på nytt, det kom visst ikkje fram i første forsøk?

----------
From: Staurset, Lars
Sent: 16. juli 1996 11:26
To: 'KK-forum'
Subject: Lange avsnitt/korte linjer, eller Exchange vs. Netscape?

Tekniske diskusjonar generelt høyrer ikkje heime på dette forumet,
men det er eit problem eg gjerne vil ha oppklåra.

Når eg postar eit innlegg, får eg somme gonger tilbakemelding
om at teksten er vanskeleg å lese, fordi kvart avsnitt blir vist som
ei lang linje hos mottakaren. I dag har eg fått ein slik reaksjon frå
ein Netscape-brukar. Sjølv bruker eg Microsoft Exchange (del av
Plus-tillegget til Windows 95), og den viser automatisk lange avsnitt
i fleire linjer. Linjelengda er tilpassa breidda på skjermvinduet, og
ord flyt fritt frå linje til linje innafor avsnittet (som i ein vanleg
tekstbehandlar).

Til gjengjeld opplever eg ofte innlegg frå andre som oppstykka,
med linjeskift på unaturlege stader. Dette er truleg same sak,
berre sett frå den andre sida. (Eg tenkjer ikkje på POLITISKE
linjeskift, så ingen såre sjeler må føle seg uthengde her.)

Dersom ikkje alle e-post-system har automatisk ordoverflytting,
må kanskje eg (og mange andre) bryte opp avsnitta manuelt før vi
sender teksten. Eller kan mottakarane gjere det sjølve? Kor lange
linjer kan vi bruke? I dette innlegget har eg brukt ca. 50-60 teikn
pr. linje. Er det passeleg? Kan administratoren eller andre teknisk
kunnige svare på dette?

Lars Staurset

P.S. Til samanlikning følgjer her 2. avsnitt utan ekstra linjeskift:

Når eg postar eit innlegg, får eg somme gonger tilbakemelding om at teksten er vanskeleg å lese, fordi kvart avsnitt blir vist som ei lang linje hos mottakaren. I dag har eg fått ein slik reaksjon frå ein Netscape-brukar. Sjølv bruker eg Microsoft Exchange (del av Plus-tillegget til Windows 95), og den viser automatisk lange avsnitt i fleire linjer. Linjelengda er tilpassa breidda på skjermvinduet, og ord flyt fritt frå linje til linje innafor avsnittet (som i ein vanleg tekstbehandlar).