Kladd til avisinnlegg

Lars Staurset (lars.staurset@it.statkart.no)
Tue, 16 Jul 1996 08:27:46 +-200

Eg vil gjerne bruke dette forumet til noko meir positivt enn den polemikken som har vore i det siste. Nedafor er kladden til eit avisinnlegg om Schengen som eg arbeider med. Når ein først får noko på trykk, bør det vere godt gjennomarbeidd, slik at det treffer lesarane. Derfor ber eg om kommentarar og forslag til forbetringar før eg sender det inn.

Innlegget er meint for lokalavisene, ikkje for avanserte KK-lesarar som kjenner alle fakta frå før. Det konsentrerer seg om ei side ved Schengen. Kanskje eg skriv om andre sider seinare.

Generelt kan sommartida vere ei bra tid til avisinnlegg. I mangel av anna stoff kan lesarbrev få bra oppslag, og mange har tid til å lese (særleg slik sommarveret er på Nordvestlandet i år). Om innlegget mitt inspirerer andre til å skrive noko liknande, er det ikkje meg imot!

Her kjem innlegget:

Må vi vise pass for å reise til Sverige og Danmark?

Måtte du ha med deg pass på Syden-turen i år? Det var vel ikkje så ille; dei fleste av oss gjer ikkje slike reiser oftare enn at vi kan dra med oss den vesle raude boka, enten riksløva snur mot høgre eller venstre. Sola vermer likevel.

Verre er det at vi kanskje må vise pass for å reise innafor Norden om eit par år. Dette heng saman med at styresmaktene ønskjer å knyte Noreg til Schengen-avtalen. Dei seier det er for å sikre passfridommen i Norden, men verknaden kan like gjerne bli motsett!

Tanken med Schengen-avtalen er å fjerne grensekontrollen mellom EU-landa. Ikkje alle EU-landa er med, og samarbeidet knirkar, særleg fordi narkotikahandlarar og andre kjeltringar får betre vilkår. Det er likevel sterke krefter som skyv på for å få med fleire land og gjere Schengen-avtalen til ein del av EU-traktaten, sjølve "grunnlova" i EU. Mykje tyder på at det blir slik når traktaten blir revidert neste år.

Mellom dei fem nordiske landa treng vi ikkje vise pass, men det er likevel ein viss grensekontroll. Dette har fungert fint i mange år. No har Sverige og Finland følgt Danmark inn i EU, og regjeringane vil ha dei tre landa med i Schengen-avtalen. Men Schengen-land kan ikkje vere med i eit anna passfritt område. Dermed kjem det nordiske samarbeidet i fare. Noreg og Island har no forhandla fram ei tilknyting, slik at Schengen-reglane skal gjelde også hos oss. Dermed skulle vel alt vere bra?

Så enkelt er det dessverre ikkje. Alt no må Noreg godta alle reglar som Schengen-landa bestemmer seg imellom. Dersom Schengen-avtalen blir ein del av EU-traktaten, blir Noreg underlagt eit EU-organ, i klår strid med både Grunnlova og folkerøystinga. Dette problemet kan vi sjølvsagt løyse med å seie opp avtalen, men korleis går det med passfridommen i Norden då? Dårleg, for Sverige, Finland og Danmark kan ikkje følgje oss ut utan å melde seg ut av heile EU. Dermed blir det passtvang mellom Noreg og andre nordiske land, som følgje av at vi knyter oss til Schengen-avtalen.

Kva er alternativet? Jau, vi kan oppretthalde den nordiske passfridommen som før. Dei nordiske EU-landa har sagt at dei ikkje blir med i Schengen-avtalen dersom Noreg står utanfor. Det er all grunn til å tru at dei meiner det. Sei nei til norsk Schengen-tilknyting no, før det er for seint!

Lars Staurset
Nestleiar i Møre og Romsdal Nei til EU